Fire rette til Naustdal

Ola Dag Thingnes frå Naustdal er ein av mange med rett svar denne gongen. Han er trekt ut som vinnar av eit BG-krus, og svaret er så grundig at vi nesten ikkje treng å tilføye noko.

Publisert

I førre konkurranse gav vi desse stikkorda:

I kvar sine periodar har dei fire opphava til traktoren vore på toppen av salslistene i Noreg, på første- eller andreplass.Tre av dei ligg framleis svært høgt på listene, mens det fjerde faktisk var nesten heilt ute eit år nyleg. To av dei vart brått søsken, eit er resultatet av to, mens det siste står for seg sjølv.

Før vi kjem til Ola Dag sitt svar, og biletet som viser korleis traktoren var sett saman, vil vi berre føye til at dei to som brått vart søsken, er MF og Valtra, begge eigd av Agco. Det eine merket som er resultatet av to, er New Holland, danna etter at Fiat og Ford vart eitt merke. Det siste står for seg sjølv, og er Zetor. Den tsjekkiske traktorfabrikken er eigd av eit heimleg holdingselskap, og er dermed ganske unikt i den moderne traktorverda.

Naustedølen Thingnes poengterer at alle fire faktisk har vore nummer ein på salslistene, om vi følgjer slektsrøtene litt tilbake. Vel å merke om vi for Valmet sin del går over grensa til nabolandet i aust.

Her er svaret hans:

Trynet på bastarden tilhøyrer ein Zetor, som var statistikkvinnar i 1985. Hytta kjem frå New Holland, barnebarn eller oldebarn til salsvinnar i 1958, Fordson Dexta. Døra kjem frå ei sein utgåve av MF 500 serien som gjekk ut i 1982 (dei første hadde grå og raud dør.) MF har alltid vore på salstoppen, med unntak av dei to før nemnde åra, heilt til samyrkeskuta Felleskjøpet fekk John Deere som einemerke.Panseret viser ein Valmet / Valtra, som fekk fornya panseret i haust, men her må vi til naboane våre i aust for at dei kan visa til ein førsteplass.

Vil du prøve deg på vår nyaste konkurranse, går du hit!

Powered by Labrador CMS