Finn fem feil

I konkurransen for juni skal du finne fem feil på eit instrumentpanel frå ein traktor. Du skal ikkje fortelje oss kva konstruktørane har gjort gale, men kva vi har endra på biletet.

Publisert

Svaret på den førre konkurransen finn du her. Den vart vunnen av Trond Erling Haugen frå Slåstad i Odalen.

Det øvste biletet har vi manipulert litt. Vi har gjort fem endringar frå originalbiletet, som du ser nederst. Oppgåva di er å finne kva fem endringar vi har gjort. Send oss nummeret på ruta der feilen er, og gjerne eit par ord om kva som er gale. Før opp namn og adresse, og send det til jogeir@vanebo.no

Premien er som vanleg eit krus frå Bedre Gardsdrift, og svarfristen er 1. juli.

Powered by Labrador CMS