Du er her

Enno ikkje over 1000 traktorar

Det er uvanleg at det ikkje er registrert meir enn 1000 traktorar etter fire månader av året. Status no er 901 stk. Av dei er kvar fjerde John Deere og kvar femte Valtra.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 03.05.2017 15:21

Normalt skulle registreringsskilt nr. 1000 for traktor blitt skrudd på plass omlag midt i april. I år skjer det ein gong litt uti mai.

 

Temmeleg dårleg over tid

Ein viktig grunn til at situasjonen på traktormarknaden er såpass stusseleg, er svært svake tal for april. Berre ein gong tidlegare har vi hatt lågare tal i april, og det var i 2009. Då var situasjonen ti traktorar dårlegare. Men også dei tre føregåande månadane har vore temmeleg svake. Ser vi på registreringstala for dei siste 12 månadane, er vi inne i den nest dårlegaste perioden dei siste 10 åra: 2871 traktorar. Gjennomsnittet er 3578. Toppnoteringa er 4506.

 

Kvifor?

Held dette fram slik, vil 2017 ende opp som det fjerde dårlegaste traktoråret nokon gong. I 2009 hadde vi finanskrisa å skulde på. I 1992/1993 hadde vi botnåra som følgde krakket etter dei rekordgode 80-åra. Kva skal vi skulde på denne gongen? Frå landbruksministeren høyrer vi at tilstanden i landbruket er god, med stor investeringsvilje. Det kan hende, men febertermometeret som traktorstatistikken på mange vis er, underbyggjer ikkje akkurat slike påstandar.  

Det høyrer med til historia at gjennomsnittstraktoren er blitt mykje større på få år. Reknar vi om traktorsalet frå stykk til hk eller kroner, er ikkje situasjonen fullt så ille som den kan sjå ut til.

 

Påske-effekten

Å samanlikne april mot april er ikkje heilt rett. I 2016 var påska i mars. I år var påska i april. Statistikken vår viser at mars-påske gir stor auke i registreringstala i april. Meir enn halvparten av åra med april-påske har ein svak oppgang frå mars til april, men det er heller ikkje unormalt med ein liten nedgang i dei åra påska fell seg som i år.  

 

Merke for merke
John Deere
held stødig kurs i tet. Marknadsandelen i april er jamgod med den JD har til no i år. Nesten kvar fjerde nyregistrerte har gule felgar. Tilbakegangen frå i fjor er likevel stor, med minus 94 traktorar. Er dette dei som ventar på nye 5R-tru?

Valtra held fram med å bite godt ifrå seg, med like mange nyregistrerte i april som John Deere. Valtra noterer seg framgang frå i fjor, og stigande marknadsandel.

Mens Eikmaskin har stor suksess med Valtra, sakkar Massey Ferguson akterut. Trass ein respektabel tredjeplass, er minus 44 traktorar eit svakare resultat enn ønska. Når det er sagt: April er eit steg i rett lei.

New Holland har tilsynelatande ikkje skifta kurs. Tilbakegangen frå eit svakt 2016 held fram. Trøysta er at andre går enda meir tilbake. Her er mykje av forklaringa at nye T6 enno ikkje er typegodkjent. Vi kan altså forvente eit stort blått hopp når formalitetane er klare der.

Fendt har den største prosentvise tilbakegangen, etter eit rekordgodt 2016. Jørgen Skjelin i Eikmaskin forklarer det med at fabrikken har så stor pågang at dei ligg bak skjema med produksjonen. I april månad er Fendt fjerde størst, tre traktorar framom New Holland.

Claas sig sakte framover, som eit av tre merke med nemneverdig framgang. Men er 5,8 prosent marknadsandel og 52 traktorar på fire månader nok til å fortene skryt, med tanke på tynga i organisasjonen som jobbar for å få ut desse maskinene?

CaseIH er nummer sju. I gamledagar hadde CaseIH hevd på femteplassen: Midt mellom dei fire store og alle dei små. I fjor fall den raude CNH-traktoren til ein stabil sjetteplass. No er det berre to nemneverdige merke att som gjer det svakare enn A-K sitt nummer-to-merke, og tilbakegangen held fram.

Uro i forhandlarnettet med tilhøyrande utskiftingar har ikkje gitt dei store utslaga frå 2016 til 2017 for Deutz-Fahr. 32 traktorar på fire månader er ikkje noko høgt tal, men jamt med fjoråret.

Kubota har ein roleg start. Nesten ei dobling frå fjoråret er slik sett eit OK tal, men 27 traktorar delt på 20 forhandlarar er ikkje meir enn at vi må ha lov å seie at det er ein roleg start på året.

 

Småmerka

Bak desse ni følgjer 13 merke der ingen har registrert meir enn seks traktorar på fire månader. Her finn vi gamle storheiter som Zetor, McCormick og JCB, blanda med kinatraktorar, spesialtraktorar og småtraktorar.

 

Importørane

Mens traktormarknaden for nokre år sidan var rimeleg jamt fordelt mellom fire omlag jamstore aktørar, har vi no ei markert trinndeling:
Eikmaskin tronar klart øverst, med over 44 prosent av marknaden. Hadde vi halde oss berre til landbrukstraktorar, ville talet vore enda høgare, i og med at Eik nesten ikkje omset småtraktorar. Eik importerer MF, Fendt og Valtra.

Dei to felleskjøpa ligg 20 prosentpoeng bakom med 24 prosent, alt saman frå John Deere.

Ni prosentpoeng bakom FK finn vi A-K maskiner, som no har 15 prosent marknadsandel frå New Holland og CaseIH.

Resten er kjapt gjort å oppsummere: Norwegian Agro Machinery med Claas har 5,8 prosent og HCP med Deutz-Fahr, Zetor og Iseki har 5,0 prosent. Deretter følgjer Kubota-importør Svenningsens  med 3,0 prosent.