Ein proffare leigemarknad

Dei verkeleg store maskinentreprenørane får stadig meir å gjere, samstundes som færre leiger enkeltreiskapar av naboen. Kva betyr det for kunnskapen som følgjer maskinene?

Publisert

Årets liste over maskinleigeprisar er delt i to: Ei for ferdig utført arbeid, inklusive traktor og førar, og ei for enkeltreiskapar. Viktigaste endringa på prisane, er at rundballepakking er blitt noko dyrare. Dei som driv stort med dette, har sett opp prisen med fem til ti kroner pr. ball, mens andre ser ut til å ha bestemt prisen før dei var klar over kva plasten kostar i år. På rundballeplast er det nemleg heile 25 prosent prisauke, grovt rekna. Kombinert med litt dyrare nett og dyrare diesel, burde det gitt ein auke på sju til ti kroner pr. ball, ferdig pressa og pakka, om entreprenøren skal ha same økonomi som før.

Stor vekst på våronnMarknaden for rundballepressing og pakking har, bokstaveleg tala, vore pressa i mange år. I visse område har det ført til ei viss avskaling, og færre har prøvd å starte sjølve. Derimot ser det ut til å vere god vekst i marknaden for våronnkøyring. Største veksten er på redusert jordarbeiding, og pågangen er størst i område med kort veg til større arbeidsmarknader. Forklaringa er enkel. Mange mindre kornbønder konstaterer at dei har mykje meir att for å sette bort våronna til ein entreprenør, og heller gå på betre lønna arbeid sjølv.

Kvalitetsarbeid? Ein risiko med å leige folk til å gjere jobben, er at du kan risikere å få ein traktorkåt 16-åring til gards, saman med ein diger traktor der dekktrykket er alt for høgt og plogen kraftig feilstilt. Eller kanskje du opplever det motsette, at entreprenøren kjem med rett reiskap, gjer ein fagleg tipp topp jobb, betre enn du klarer sjølv. Ein god landbruksentreprenør bør vere godt oppdatert som agronom, og har høve til å fornye reiskapsparken med moderne utstyr på ein heil annan måte enn mange bønder.

Ver ein proff tenestekjøpar Nytt utstyr er ikkje nok. Enkelte har etterlyst debatt kring kor profesjonelle entreprenørane er. Like viktig er det at du som bonde er ein profesjonell kjøpar av tenestene. Det er lite hjelp i om ein entreprenør ynskjer å gjere ein god jobb, om du einast vurderer prisen. Hugs at ein rundball med godt fortørka gras, gjerne breispreidd og deretter raka saman, og så pressa skikkeleg hardt, kan ha dobbelt så høg fôrverdi som ein ball der fortørking og kutting på pressa ikkje har vore så nøye. Då skal pressinga vere billeg, om du i det heile skal spare noko.Eit anna moment er storleiken på utstyret. Mange av dei store entreprenørane køyrer i dag med pressepakkar, også kalla kombipresse. Visse variantar har ein traktor på åtteni tonn og nærare 200 hestekrefter framom draget, i tillegg til ei solid eigenvekt. Andre variantar klarer seg med ein litt sterk firesylindra traktor, og heile ekvipasjen endar på halve vekta. Slikt må også vere med i vurderinga, for jordpakking er dyrt.Det viktigaste er likevel at storleiken på utstyret må høve til arbeidet som skal gjerast. Det er lite vits i å leige nokon med ei stor såmaskin, om traktoren er for liten og veik. Med andre ord skal du verdsette kunnskap, erfaring og eigna utstyr hos den du leiger. Verdien på dette er vanskeleg å måle, men den er viktig å ta med.

Populær liste Bedre Gardsdrift har opplevd svært stor etterspurnad etter prislista frå 2004. Likevel vil vi arbeide for å gjere våre lister enda betre og meir komplette. Målet er at lista i Bedre Gardsdrift også i framtida skal vere den beste maskinleigeprislista i Noreg. For å få til det, er vi avhengige av at flest mogeleg rapporterer inn sine prisar, og at du tar kontakt om du finn prisar med avvik frå det du kjenner til. Gi også melding om det er maskiner som manglar. Vi nyttar samstundes høvet til å takke alle som har gitt oss enkeltprisar og fyldige prislister i år. Vi har fått fleire spørsmål frå folk eller organisasjonar som ynskjer å bruke lista vår. Svaret er at lista for all del må brukast, berre du refererer til kven som er kjelda, og hugsar på momenta vi tar opp i denne teksten. Reint opptrykk av lista, eller utlegging på internett, er ikkje godtatt utan løyve frå oss.

Ferske prisarVi skulle gjerne bydd fram lista i betre tid før sommaren. Grunnen til at vi ikkje har lista klar tidlegare, er at mange av prisane vi har med i grunnlagsmaterialet, ikkje er klart før enn godt utpå våren. I skrivande stund er det faktisk fleire av kjeldene våre som ikkje har fastsett prisen på rundballearbeid. Det ser ut til at dei største variasjonane frå år til år er på grashaustinga. Endringa i prisar på våronnarbeidet er ikkje større enn at årets prisliste nok også kan vere til nytte våren 2006.

Todelinga av lista Årets lister dei mest omfattande du har sett nokon gong. Fjorårets liste omfatta i stor grad pris for enkeltreiskapar, for førar og for traktor. Av denne lista kan du lese prisen om du leiger berre reiskapen eller berre traktoren, eller du kan legge saman reiskap, traktor og førar. Denne lista er utvida noko, og oppdatert med årets prisar frå enda fleire kjelder enn i fjor.I tillegg kjem ei ny liste, som er for komplett utført arbeid pr. time, pr. dekar eller pr. ball. Her inkluderer kvar einaste pris traktor, førar og reiskap, eventuelt også rundballeplast, men ikkje ensileringsvæske eller sprøytevæske. Grunnlaget for desse tala er ei mengde entreprenørar, maskinringar og maskinstasjonar som vi har kontakta, over heile landet.Denne typen prisar er kanskje det som er mest aktuelt for flest, og dette er leigeprislista for framtida. Etter kvart som reiskapen blir meir og meir avansert, blir det mindre og mindre aktuelt å leige enkeltreiskap for å køyre sjølv.Eit døme på det er kompaktskålharva (eksempelvis Väderstad Carrier), som er ny i lista i år. Den reiskapen har vi ikkje fått pris på utan at traktor og førar er med. I lista over komplett utført arbeid er mange prisar pr. dekar. Der har det inga meining i å oppgi kva arbeidsbreidde reiskapen har. Der det er timeprisar, har vi som regel oppgitt normal storleik på reiskapen.

Tillegg Forutan prisen på sjølve maskinleiga, vil enkelte legge til ein pris for transport/frammøte. Det mest vanlege er å ha ein fast sum for dette, men i lista finn du fleire alternativ.Er jorda steinrik, arronderinga dårleg eller om arbeidet på anna vis blir mindre rasjonelt, bør du forvente høgare pris enn det som er oppgitt her. Det kan altså løne seg å sjå over arealet før entreprenøren kjem, for å legge forholda best mogeleg til rette. Klassiske tips er å fjerne eller merke hinder, sikre enkel tilkomst, ordne grei plass for evt. fylling av såmaskin og så vidare. Om alt ligg til rette, og du er ein trufast kunde og betaler i tide i år etter år, kan prisen bli lågare.

Rundballar Stadig fleire har utstyr for å tilsette ensileringsvæske til rundballar, om kunden ynskjer det. Oftast tar dei heller ikkje ekstra betalt for å gjere det, så lenge kunden held ensileringsvæska. Prisane vi har på leigekøyring med traktor, førar og rundballepresse gjeld for ei nyare proffpresse med god kutting og harde ballar. Det er viktig å vere klar over kva du betaler for. Er pressa utan kutting og ballevekta mykje mindre, skal du sjølvsagt ikkje betale så mykje.

SnøPrisane på snørydding varierer voldsomt, både i kroner og i måten å fastsetje prisen. Det finst beredskapsordningar med timepris eller kilometerpris i tillegg, rein akkordkøyring med fastpris pr. snøfall, rein timepris og så vidare. Dette er ikkje lett å samordne, så snøryddingsprisane er ikkje noko fullstendig utgangspunkt om du skal melde inn anbod på noko.

Våronn og totaldrift Stadig fleire tilbyr prisar på komplett våronn, eventuelt også totaldrift. Komplett våronn inkluderer alt frå pløying til såing, tromling og noko steinplukking, eller ei forenkla jordarbeiding om kunden ynskjer det. Prisane på våronn er dermed ikkje heilt enkle å samanlikne. Det som står att, er eventuell sprøyting gjennom vekstsesongen og tresking, før heile sommaren er unna. Om du også vil ha det gjort, bestiller du totaldrift. Då er situasjonen slik at du eig arealet, får tilskot på det og får kornoppgjeret, mens nokon annan gjer alt arbeidet. Dette er ei løysing som særleg er populær for kornbønder med kanskje eit par hundre mål jord og arbeid utanom. Med andre ord slike som ikkje har gard til å oppretthalde ein effektiv maskinpark, og som har meir att for å bruke tida på anna arbeid.

Powered by Labrador CMS