Centaur garden tractor, 1927-modell

Publisert

(Fra Bedre Gardsdrift nr. 2/2000) Denne sjeldne traktoren er importert direkte til Noreg frå USA av ein småbrukar frå Moland i Aust-Agder. Vi kjenner ikkje til at det elles har blitt importert Centaur-traktorar til Noreg.Produsenten er Central Tractor Co. i Greenwich, Ohio. Modellen vi ser her, vart produsert frå 1921 til 1928.Traktortypen skal i hovudsak vere meint til bruk i frukt- og grønsakhagar. I USA vart han marknadsført som traktoren for gardane med ein hest og ein mann.Traktoren er rammestyrt. Motoren med plaskesmørjing sit rett over drivhjula, som er framme. I staden for skråstilte vinkelstål på hjula, har denne Centauren nokre veldige piggar. I høve til storleiken på traktoren må hjula seiast å vere breie. Føraren sit på bakdelen, der plogen heng under. Standardplogen er ein tolvtommar frå amerikanske Oliver, som også har produsert traktorar.Den tosylindra firetakts LeRoi-motoren yter kring 10 hk, og seks av dei går vidare til kraftuttaket. Traktoren er utstyrt med eitt gir framover og eitt bakover. Toppfarten er fem-seks km/h. Traktoren har ikkje bremser. Vekta som, er oppgitt frå fabrikken, er 720 kg. Denne traktormodellen var i produksjon fram til 1942 med mindre modifikasjonar.Då museumshandverkar på Jærmuseet, Sverre Skjæveland, tok til å restaurere traktoren, laut han først få tak på alle delene. Radiatoren og tanken fann han att i ein båt. Fleire delar var øydelagde eller bortkomne: Sete, verktøykasse, luftfilter, transportringar på hjula og ei rad andre delar. Dette måtte han enten lage sjølv eller skaffe frå andre stader. Skjæveland har skrudd heile traktoren frå kvarandre, reinska han for rust og altså restaurert han heilt frå grunnen av. Rattet måtte også lagast nytt. Det er i tre, og er litt spesielt. Rattnavet stikk nemleg lengre ut enn sjølve rattet, slik moten var på dei tider. Traktoren er i dag eigd av Jærmuseet, og utstilt der.

n jogeir m. by

Powered by Labrador CMS