Dette er eit setebelte i ein traktor. Brukt det!

Bruk beltet!

Talet dødsulukker med traktor har gått ned dei siste åra. Hadde menn over 40 år hugsa å bruke setebelte, ville mest truleg talet vore nær null.

Publisert

Artikkelen er henta frå Bedre Gardsdrift nr. 8 2014

Det er brutalt men sant. Skilnaden på ein notis i lokalavisa med "Traktor utfor vegen" og ei nasjonal nyheitsmelding med "Mann omkom i traktorvelt" er ei lita remse med tekstil. Nyheitsoppslaga i denne samanhengen er likevel uviktige. Realitetane er at familiar kunne irritert seg litt over materielle skader, heft i kvardagen og nokre rundar med forsikringsselskapet. Men også det blir som bagatellar å rekne, mot sorga, smerta og konsekvensane ved eit tapt liv.

Åleine, langs flate vegen

Ved ei av dei siste ulukkene vart det lokale kommunestyremøtet avbrote. Den omkomne var tidlegare ordførar, fylkesordførar og stortingsmann Alf Ivar Samuelsen, omtalt som største namnet bygda har fostra. Han køyrde ein McCormick veterantraktor, utan veltebøyle, kom utfor vegen på ei slett og oversiktleg strekning, og vart funnen død under traktoren i vegskråningen. Ei veke seinare omkom ein annan mann. Ikkje like kjent, men tapet og konsekvensane for dei næraste er like ille. Han køyrde ein Fendt 716, og var ein erfaren bonde. Også her skjedde ulukka langs ein strekning der ingen skulle vente at noko så dramatisk kunne skje. Dei første som kom til staden fann ein død mann, klemt i hel av førarhytta på traktoren, med hyttestolpar over nakke og rygg. For å få laus kroppen, måtte det til tungt bergingsutstyr.

Fatal beltemangel

– Nei, han brukte ikkje belte. Det er bra om du skriv om det. Her ville beltet gjort forskjellen på liv og død, seier ein politimann som var på staden etter den siste ulukka til oss. Politimannen er også eit menneske, prega av det han har sett. Han snakkar ikkje om lover eller regelbrot, men om dei menneskelege konsekvensane av å ikkje vere sikra i setet.

– Pårørande? spør eg, som ei rutine det aldri går an å venne seg på, sjølv ikkje etter å ha sjekka fakta i til no 44 dødsulukker med traktor.

– Ja, svarer politimannen og nemner opp kona, som kom til staden kort tid etter ulukka, og borna, mens vi på kvar vår kant av telefonen kjenner inni oss dette forferdelege som må vere så uendeleg mykje verre for dei som er råka. Så snakkar vi om Bedre Gardsdriftss statistikk over dødsulukker, som dei siste åra er prega av beltelause menn over 40, oftast over 50 år. Fire av dei fem siste dødsulukkene er sånn. Godt vaksen mann utfor vegen, utan belte.

Ulukker kan skje. Utfallet kan du gjere noko med.

Powered by Labrador CMS