Jaget vilt

Breidde-gruppa tar form

Samferdsledepartementet har peika ut organisasjonane som skal arbeide med breiddereglane for landbruksmaskiner, og gitt eit mandat.

Publisert

Desse partane er invitert til å stille med ein mann eller ei dame (dei skal foreslå ein person av kvart kjønn) til arbeidsgruppa:- Landbruks og matdepartementet - Maskinentreprenørenes Forbund - Norges Automobil-Forbund - Norges Lastebileier-Forbund - Norges Bondelag - Norsk Bonde- og Småbrukarlag - Politidirektoratet - Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening (TLIF)- Vegdirektoratet

Gruppa får følgjande mandat:

Arbeidsgruppa skal gjennomgå ut vurdere behov for endringar i regelverket som gjeld køyring med landbruksmaskiner med breidde mellom 2,55 og 3,5 meter langs offentleg veg. Når det gjeld traktor påmontert landbruksreiskapar gjeld at breidda på sjølve traktoren ikkje skal kunne vere breiare enn 2,55 m, medrekna hjula. Følgjande forhold må omtalast og vurderast av arbeidsgruppa:1. Landbruksdrifta i dagens samfunn 2. Behov og omfang av bruk av landbruksmaskiner med breidde mellom 2,55 og 3,50 meter.3. Kva kan reknast for å vere ein naturleg del av moderne landbruksdrift når det gjeld køyring med landbruksmaskiner på offentleg veg.4. Konsekvensar for trafikken elles når det gjeld trafikktryggleik og framkome.5. Økonomiske og konkurransemessige konsekvensar både for landbruksnæringa sjølv og for andre næringar. 6. Forslag til tiltak, eventuelt endringar av regelverket, behov for tryggleikstiltak m.v. for å minske problema til næringa. Korleis unntak gitt næringa i regelverket kan gjennomførast og kontrollerast.

Desse tinga skal gruppa drøfte seg gjennom og finne ein konklusjon på i løpet av eitt oppstartmøte, og fire møte utover våren. Kvart møte er sett til tre timar inklusive lunsj. Medlemane skal også kunne hjelpe til å utarbeide materiale til rapporten i tida mellom møta.

Powered by Labrador CMS