Du er her

BGs vektkalkulator

Ver så god, her er Bedre Gardsdrifts nye vektkalkulator til fri bruk. Dette er eit unikt dataprogram som reknar ut kva du lovleg kan laste på tilhengaren din.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 07.01.2008 02:37

LAST NED KALKULATOREN NEDERST I HØYRE SPALTE

Her er alle reglane for traktor og tilhengar samla i eit lite dataprogram, der det einaste du treng å gjere er å legge inn aktuelle tal for utstyret ditt.

 

Forklaringa

I Bedre Gardsdrift nr. 10 2007 hadde vi fire sider gjennomgang av reglane. Der forklarer vi kva reglar som gjeld og korleis dei fungerer i praksis. Dessutan stå der ei ordliste, som mellom anna forklarer den viktige skilnaden på omgrepa aktuell vekt og tillatt vekt, og alle andre uttrykk du kan kome borti når det er snakk om vektutrekningar.

Nummererte verdiar

Tala du skal fylle inn, og dei som automatisk vert rekna ut, er nummererte med kvar sin bokstav (sjå første kolonne). Dette er same bokstaven som er brukt i oppsettet i bladet, og rekkefølgja er den same som der. Har du bladet framom deg når du legg inn tala, får du samstundes ei forklaring på kva talet er. Vi tilrår sterkt at du les bladet før du legg inn tal i programmet. I programmet har vi lagt inn nokre ekstra opplysingar og verdiar. Reknar du manuelt, er dette slikt du justerer sjølv. Her kjem til dømes avgrensingar grunna tilhengarens tillatne vekter automatisk. Du kan også nedjustere nyttelasta med tal du legg inn sjølv, til dømes om du ser at noko er rav ruskande gale etter at du har vore på vekta med den foreslåtte nyttelasta.

Dette treng du

For å kome fram til dei rette tala, treng du tre ting:

  • Vognkort for traktoren
  • Vognkort for tilhengaren
  • Tilgang til ei vekt for traktor og tilhengar (til dømes på trafikkstasjon, mølle, vektstasjon langs vegen e.l.).

Har du ikkje umiddelbart tilgang på ei slik vekt, kan du rekne omtrentlege verdiar ut frå vekter i vognkort og brosjyrar. Ver klar over at desse sjeldan stemmer, og at avviket frå dei verkelege vektene kan vere svært store.

Kontroll med lass

For å sjekke at utrekningane stemmer, treng du eit lass som du kjenner vekta på. Til dømes ved at du lastar opp kraftfôr eller gjødsel, eller at du køyrer til eit sandtak som kan laste opp med korrekt vekt.

Programmet krev ingen datakunnskap

Vektkalkulatoren er eit enkelt program som du gratis lastar ned til datamaskina di. Når du opnar fila, vil den starte i Excel eller eit tilsvarande program, dersom du har det installert på datamaskina. Du treng ikkje ha nokon kjennskap til bruk av Excel for å bruke vektkalkulatoren. Her er det nok at du klarer å legge inn tal i dei kvite rutene, så ordnar resten seg sjølv. Det er ikkje mogeleg å skrive i andre ruter enn dei kvite. Etter at du har lagt inn eit tal, må du klikke enter (linjeskift), tabulator eller på anna vis velje ei anna rute, så vil programmet oppdatere seg med talet du har lagt inn.

Andre program

Dersom du ikkje har Excel, vil truleg kalkulatoren fungere også i likande program, men vi gir ingen garanti for det.

Feil og manglar

Kalkulatoren er grundig testa, men vi kan ikkje love at den er heilt feilfri. Oppdagar du noko rart, får du meldingar du ikkje forstår eller er det noko du trur kan vere feil, må du sende oss ein epost. Oppgi gjerne mobilnummeret ditt.

Kan dokumentere ugreitt regelverk

Mange vil oppdage at traktoren på langt nær kan dra så tung hengar som du trudde. Dette er etter vår meining eit problem, for regelverket for traktor er like strengt som regelverket for lastebil. Det er rart, i og med at traktoren held mykje lågare fart, og dermed både har mindre rørsleenergi og i utgangspunktet ei svært annleis åtferd i trafikken. Vi meiner at dette regelverket må endrast.