Aprilkonkurranse

Årets første konkurranse vart litt av ei nøtt. Ole Oden er ein av dei få som har alt rett. Også den nye konkurransen er eit samansett bilete. Svarfrist er 25. april, og premien er eit BG-krus.

Publisert

Ole Oden frå Sør-Fron er ein av seks som klarte alle fem traktormerka i den førre konkurransen. Aldri har vi hatt ein så vanskeleg konkurranse, og aldri har så mange deltatt. Ole får eit eit krus frå Bedre Gardsdrift i posten. Neste gong kan det vere din tur. Klikk her for å sjå korleis den samansette traktoren er bygd opp.

Også den neste konkurransen er eit samansett bilete. Du ser utsnitt av fem ting som er i bruk i det norske landbruket. Dei fem rette svara står i hjelpelista under.

Som vanleg er premien eit krus frå Bedre Gardsdrift.

Svarfrist: 25. april.Lukke til!

Skriv kva dei fem tinga er, pluss namn, adresse og eventuelle kommentarar. Trykk her.

Hjelpeliste Apetittfôrvogn Børsteradrensar Fliskuttar Flishoggar Fôrutdelar Gjødseltrekk Gummifingerharv (rotortype) Hjulvisp Lastearm Mjølkemaskin Mjølkerobot Motorsag Plog Potetopptakar Påskeegg RundballekuttarRundballepresse Rundballepigg Silotalje Skurtreskar Sorteringsmaskin Sukkerbeteopptakar Traktor Vedkløyvar Vedmaskin VeteranmotorÅkermaskin

Powered by Labrador CMS