Du er her

50-lapp berre for landbruket?

50-lappen har ingen avgrensingar knytt til bruk, slår samferdsleministeren fast. Det har skapt uro og undring at Vegdirektoratet har hevda at 50-lappen berre gjeld for landbrukskøyring. Dei tar feil. 
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 30.11.2015 14:45

Vegdirektoratet vil vite om køyringa di har med landbruk å gjere eller ikkje, om du har 50-lappen. Samferdsleministeren slær fast a5 50-lappen gir rett til å køyre 50 km/h-traktor, utan vidare diskusjon. (Illustrasjonsfoto)

50-lappen gjeld for 50 km/h-traktorar. Utan avgrensing knytt til bruken. Så enkelt er det. Det får Bedre Gardsdrift stadfesta etter at vi har tatt saka via Stortinget til Samferdsleministeren. 


Vegdirektoratets fantasireglar

Vegdirektoratet har fått ein ide om at 50-lappen berre gjeld landbrukskøyring, ei haldning som er formidla til køyreskulelærarar og andre, og som naturleg nok har skapt uro. 

Konkret går dette fram av ein epost ein av Bedre Gardsdrift sine lesarar har fått frå førarkortkontoret hos Vegdirektoratet, der denne teksten står å lese: 

I Norge har man innført en særordning for traktor som går 41-50 km/t. Har man klasse T og tar et tilleggskurs på 7 timer, får man klasse T kode 141. Den utvidede retten til å kjøre traktor som går 41-50 km/t gjelder bare hvis kjøringen er del av ordinær jordbruks- eller skogbruksdrift. Kjøringen kan gjerne foregå på offentlig veg, - avgjørende er at kjøringen er ordinær jordbruks- eller skogbruksdrift.


– Rare greier

Då saka om 50-lappen vart sendt på høyring, var det eit oppdrag Vegdirektoratet fekk frå dåverande statssekretær Geir Pollestad (Sp), etter at Norges Bondelag, Bedre Gardsdrift og Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening hadde tatt opp saka med han. 

– Det var aldri meininga å avgrense 50-lappen berre til visse typar transport. Målet vårt var at du skulle kunne køyre traktorar som går i 50 km/h med eit høveleg tilleggskurs. Grunngjevinga var landbruket sine behov, men vi la ikkje inn nokon klausul om at du ikkje kunne køyre i andre ærend. Eg kan ikkje sjå kva heimel direktoratet har for å formulere seg slik. Dette skal eg ta opp med ministeren, seier Pollestad når Bedre Gardsdrift spør. Få minutt seinare tikkar det inn kopi av eit skriftleg spørsmål til samferdsleministeren. 


– Veldig rare greier

50-lappen kom akkurat i vekslinga mellom førre og sitjande regjering. Bård Hoksrud frå Frp overtok stafettpinnen frå Pollestad, og fullførte løpet. Han er kjapt på telefonen til Bedre Gardsdrift etter å ha fått problemstillinga i hende. 

– Dette er ikkje slik det skal vere. Det går ikkje an å skilje mellom køyring på denne måten. Oppfyller du krava til å køyre 50 km/h-traktor, så kan du køyre 50 km/h-traktor. Verre er det ikkje. Målet vårt var å forenkle dei rigide krava som låg der frå 2005. Dette skal eg ta opp med ministeren med ein gong, lovar Hoksrud. 


Sånn er det, sånn blir det

Haldninga til dei to politikarane vitnar om at det er svært lite aktuelt å innskrenke rettane for 50-lappen, sjølv om det frå første dag har vore tydeleg at krefter i Vegdirektoratet ikkje likar det utvida traktorførarkortet. Det finst såleis viktigare ting å bekymre seg for enn at 50-lappen skal bli endra. 


Svaret frå ministeren

Det skriftlege svaret frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen stadfestar at bakgrunnen for innføringa av 50-lappen er det aukande behovet for effektiv transport i landbruket. Likevel er det ikkje lagt føringar som avgrensar bruken av 50-lappen til berre å gjelde landbruket. Dette gjeld både klasse T kode 141 og klasse T kode 148. Dette landbruksformålet går ikkje fram av teksten i førarkortforskrifta i dag. Det er heller ikkje slik at førarkortforskrifta skal tolkast innskrenkande på dette området, skriv ministeren i svaret sitt til Geir Pollestad.

Klikk her for å sjå både spørsmål og svar på Stortinget sine nettsider. Ta gjerne utskrift som du kan ha med i traktoren. 

"