Du er her

30 Sylvipengar pr. dekar

Midt inni Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste for 2014 er der ein rar pris. Den er i høgste grad dagsaktuell, sjølv om den på eit vis er oppdikta.
Av Jogeir M. Agjeld
Publisert 16.05.2014 11:15

Døme på person som heiter Sylvi. I bakgrunnen ser vi matjord. Foto: Olav Skjegstad/Romsdals Budstikke

Årets rare pris i maskinleigeprislista finn du på side 56, i andre linje i kategorien "Lastearbeid, anleggsutstyr/-arbeid". Der står dette punktet:
"Fjerning av matjord, Sylvipengar pr. dekar – middelpris 30, frå 0 til 60"Det kan vel seiast at prisen er høgrelevant no for tida. Prislista kom ut før påske, og dei som kjenner si bibelhistorie gjer seg kan hende nokre tankar om ein pris som dette. 

Mellom mange rette svar har vi trekt ut desse tre vinnarane, som får eit par Flaxlodd og ein BG-caps i posten om litt:
  Ingunn Jensen, Undheim
  Lars Wahl, Oksvoll  Tommy Bye, Fannrem


Lite gangbar valuta?

Oppgåva i bladet inneheldt nokre hint: Finn rar pris, vinn Flaxlodd: Også i år har vi lagt inn eit spesielt punkt i lista. Om dette vekkjer begeistring eller uro er det delte meiningar om, men når dette først er der må vi forholde oss til det. Om du finn dette spesielle i den store prislistehaugen, (...)

Det kan nemnast at eit overveldande fleirtal av alle som har svart hadde rett svar. Vi har fått kommentarar på at Sylvipengar ikkje er særleg gangbar valuta, at bønder ikkje vil ha slike pengar for å fjerne matjorda, og at om det så vart bydd ein milliard i ekte pengar ville jorda blitt liggande.


Liste over reelle prisar på maskinbruk

Uvissa rår, skriv vi i kommentaren til årets maskinleigeprisliste. Sylvi Listhaug er å finne mellom linjene, heile vegen.

Maskinleigeprislista i Bedre Gardsdrift er ein særs omfattande oversikt over kva det kostar å få gjort maskinarbeid i landbruket. Den unike lista baserer seg på fleire tusen innsamla prisar frå heile landet, og omfattar kring 500 ulike arbeidsoperasjonar og reiskapstypar.


Middelpris og indeks

Ved at Bedre Gardsdrift i 10 år har gått gjennom kvart prispunkt og funne ein middelpris, som den mest representative prisen i marknaden, har vi også høve til å følgje prisutviklinga frå år til år. Det gjer vi ved at lista inneheld ein indeks over dei sju viktigaste prisane. Mens den gjennomsnittlege prisauken frå i fjor til i år for leigekøyring generelt er 3,5 prosent, noterer vi oss at forventa kostnadsauke i kalkylane til landbruksoppgjeret er sett til 2,1 prosent.


Prisauke=kostnadsauke+/-betalingsevne

Kostnadsveksten i våre prisar for rundballepressing/-pakking er til samanlikning 5,3 prosent, pløying 6,0 prosent, snørydding 5,6 prosent, mens prisen for å treske eit dekar tyder på svært låge forventningar til betra betalingsevne hos kundane, og ligg i år likt med i fjor. Endringane i prisane til kjeldene våre oppstår dels som eit estimat over reell og forventa kostnadsauke, der slike ting som det store hoppet i dieselprisen, mellom fem og ti prosent auke i prisen på nye maskiner grunna korreksjonar for valutasituasjonen, og ein svært stor auke i prisen på rundballeplast spelar inn. Dels er prisane justerte etter kva det er forventa at bøndene kan forsvare å betale for arbeidet, og dels er prisane avhengige av konkurransesituasjonen.


Sjå Bedre Gardsdrift nr 3 2014

Prislista er einast å finne i papirversjonen av Bedre Gardsdrift, i nr. 3 2014. Du kan også kjøpe bladet digitalt her. Maskinleigeprislista blir ikkje lagt ut i nokon gratisversjon, for verdipapir får du ikkje til givande. Reint bortsett frå den før nemnde rare prisen, er det stor sjanse for at du finn nyttige prisar og tips i Bedre Gardsdrifts prisliste. Vil du sikre deg prislista neste år direkte i postkassen, kan du teikne abonnement her.

"