Omkom då traktordekk eksploderte

MØRE OG ROMSDAL/VESTNES: Ein mann i 30-åra døydde av skadane då eit traktordekk eksploderte under luftfylling.

Publisert

Kvifor dette skjedde og korleis det kunne skje er spørsmål Politiet og Arbeidstilsynet stiller seg no, og som dei arbeider med å finne svar på.

Ulukka skjedde søndag, på ein liten lokal verkstad. Traktordekket låg på bakken utandørs, og eksploderte under luftfylling. Mannen vart treft med stor kraft, fekk store skader og vart erklært død då lege kom til staden. Dekket landa på eit tak på eit tilbygg like ved.

Der var andre folk til stades som varsla naudetatane. Vitna til hendinga er tekne hand om av kommunens kriseteam. Det same gjeld familien til mannen.

Powered by Labrador CMS