Ok traktor-januar

John Deeres suverenitet, New Hollands atterkomst og ein totalmarknad ikkje så langt unna normalen er stikkord for januar 2016.

Publisert

Vi vil som vanleg vere varsame med å tolke alt for mykje ut av registreringstala for ein enkelt månad. Likevel, januar 2016 er eit godt hopp opp frå januar 2015. Det vil ikkje vere uventa om den gode stemninga frå Agroteknikk må ta litt av skulda for det. 307 nyregistreringar, når vi har luka bort slikt som vi ikkje reknar som ordinære traktorar, er faktisk ikkje langt unna eit normalår. I ein periode med generelle nedgangstider og kostbar valuta er dette talet eit lyspunkt.

John Deere tronar åleine

103 nyregistrerte John Deere-traktorar på ein månad må beint ut vere triveleg for felleskjøpa. Vi må tilbake til desember 2013 for å finne ein betre enkeltmånad uansett merke. Meir enn kvart tredje skilt i januar vart montert mot Deere-grøn lakk.

New Holland i siget

A-K maskiner har også ein grei start på det nye året, etter eit tungt 2015. 14 prosent marknadsandel til New Holland er etter forholda heilt ok, og denne månaden gir det andreplassen. Så har då også New Holland ein tradisjon for å starte året ganske greitt.

Tett frå to til fire

Dei tre merka bak John Deere kjem i ei lita klynge: MF ligg to traktorar bakom New Holland, mens Valtra ligg fem traktorar bakom der att. Slik sett må plasseringa i januar 2016 heller kallast bingo mellom likeverdige spelarar enn eit resultat vi skal bry oss så mykje med. Alle tre har tydeleg til hensikt å vere med i kappløpet frå starten.

Fendt held posisjonen

Eiks prestisjemerke Fendt etablert seg i fjor på femteplass, og ser ut til å ville bli verande der. Målt i framgang frå i fjor er Fendt nest best etter John Deere.

CaseIH heng greitt med på sjette, mens Deutz-Fahr startar like tungt som i fjor og Claas kjem dårleg ut frå start.

Bedre Gardsdrift følgjer den norske traktormarknaden frå månad til månad. Kjeldematerialet kjem frå Opplysningsrådet for vegtrafikken, og blir bearbeidd og sett opp av Bedre Gardsdrift. 

I BG nr 1 2016  finn du alt om den norske traktormarknaden i 2015.