Status: Uendra. Eller?

Registreringsstatistikken for traktor er totalt sett påfallande lik fjoråret, men MF og Valtra er sterkare i november enn John Deere.

Publisert

Det er grunn til å utrope Eikmaskin til årets store vinnar, at før året er omme: Fendt har klart størst framgang frå i fjor, opp 89 traktorar, til ein svært sterk femteplass. Massey Ferguson har årets nest største framgang med pluss 38 traktorar, til ein solid andreplass. I november månad er MF klart største merke. Samla har MF og Fendt gått fram med 127 traktorar frå i fjor til i år. Merk deg det talet.

John Deere stadig i tet

Ingen kan true John Deere på førsteplass, med dryge 25 prosent marknadsandel. Men vi har sett hjorten sterkare. Frå i fjor til i år er John Deere tilbake med – merk deg talet – 127 traktorar.

Sterkt frå Valtra

Trass turbulens med skifte av importør og delar av forhandlarnettet, held Valtra godt stand, opp litt frå i fjor, og trygt plassert på tredjeplassen. November er betre enn normalen, med Valtra som nest største merke. Det vil bli interessant å situasjonen her over tid. For den nye importøren Eikmaskin er i alle høve stoda svært triveleg for tida.

A-K forsiktig framover

Både New Holland og CaseIH går fram, begge med 27 traktorar frå same tid i fjor. Totalt får dei to 16 prosent marknadsandel, nok til at dei kunne tatt tredjeplassen om dei hadde vore same merket. Men det er dei ikkje, og begge ligg vesentleg lågare enn det som tradisjonelt har vore normalt.

Resten

Vi har sett det gjennom mykje av året: Deutz-Fahr ligg framom Claas, og det kan nok enno gå litt tid før den nye satsinga på Claas, med ny importør, viser att på registreringsstatistikken. Vi veit iallfall sikkert at Norwegian Agro Machinery ikkje er nøgd med langt under 100 traktorar årleg. Deutz-Fahr har gjort ein god november, faktisk like god som Fendt, og har god framgang frå i fjor.

Kubota og McCormick utmerkar seg med ingen nyregistreringar i november.