Ikkje køyr sånn. Det er ikkje lov. Foto: Statens Vegvesen.
Ikkje køyr sånn. Det er ikkje lov. Foto: Statens Vegvesen.

Fekk ikkje køyre vidare med rundballekniv framme

SELJORD: Føraren som la ut på europavegen med rundballekniven i frontlastaren kan vente seg eit oppgjer med Politiet. Statens Vegvesen kommanderte kniven av traktoren.

Publisert

Traktorføraren fekk køyre vidare etter at kniven var kopla frå. Den må hentast med tilhengar. Politiet har ikkje avgjort kva straff føraren får. Det som derimot er oppnådd i denne saka, er toppoppslag på hovudsida til nrk.no, TV2.no og lokalaviser i Telemark. Statens Vegvesen twittrar nemleg med bilete når slike hendingar skjer.

Korleis køyre lovleg?

Er du i tvil om kva du kan køyre med langs veg, er det alltid ein god ide å sjekke om du held deg innanfor Trafikkens grunnregel, slik den står i Vegtrafikklova:

§ 3.Grunnregler for trafikk.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.

Brot på denne regelen kan føre til inndraging av førarkortet, bot eller i alvorlege tilfelle fengsel. Typisk reaksjon for slik køyring som på biletet over er erfaringsmessig bot og/eller inndraging av førarkortet.

Ingen spesifikke reglar om frontreiskap

Der finst ingen reglar som klart og eintydig definerer kva du har lov å ha slags reiskap framme. Det er ei skjønnsmessig vurdering. Gjennom mange år har vi sett at kontrollørane langs vegen er skeptiske til utstikkande og kvass reiskap, og med god grunn. Det har skjedd stygge dødsulukker der andre har kollidert med slikt utstyr. Om du ikkje kan vippe opp piggane eller gaflane, skal du difor ikkje køyre langs veg med pallegaflar, rundballespyd eller annan spiss eller kvass reiskap framme.

På spørsmål om du kan køyre med frontmontert rundballeløft, av typen med to vassrette rullar som stikk framover, er svaret meir delt. Køyrer du med slik reiskap så rullane ligg parallelt med vegbana, og lågare enn panserhøgde, kan du vurdere om det er nok til at det ikke kan oppstå fare eller voldes skade. Om alle kontrollørane langs vegen er samde i regeltolkinga kan vi ikkje seie sikkert.

Bakmontert eller lastar til topps?

Det å ha slik reiskap bakmontert har det gjennom tidene vore færre reaksjonar på, føresett at reiskapen er i slik posisjon at risikoen er så låg som råd.

Å løfte frontlastaren heilt opp, for deretter å peike reiskapen nedover, er ei løysing som enkelte meiner kan fungere. Løysinga er ikkje risikofri, og særleg dei som køyrer lastebil er skeptiske. Ved ein eventuell kollisjon har dei berre frontruta til å verne seg mot reiskapen på lastaren. I tillegg til at lastar på topp reduserer stabiliteten på traktoren, aukar du også faren for å ta oppi kablar, undergangar, tunellar og litt av kvart elles. Slike ulukker skjer jamt og trutt. Ved opplæring på anleggsmaskin er det vanleg å seie at skuffa skal ligge parallelt med bakken, maks ca. 40 cm over vegbana.

Må du ha på reiskapen, vel reiskap deretter

Om du må ha med deg pallegaflar eller rundballespyd langs vegen, leverer fleire produsentar gode alternativ der spyd eller gaflar kan fellast opp når du ferdast langs veg.

Powered by Labrador CMS