Loggfører du brøytinga med penn og papir eller i mobilen?

Korleis dokumenterer du brøytinga?

Mange har snøbrøyting som attåtnæring vinterstid, men korleis held du styr på småroder?

Publisert

Er du ein av dei som brøytar i hytteområde eller bustadfelt, har du kanskje gjort deg nokre erfaringar om korleis du best held orden på loggføringa. Da har du kanskje også nokre tips å dele. Ein av brukarene i debattforumet vårt, lurer nemleg på korleis andre loggfører brøytinga.

– Eg har tatt over ei privat brøyterode, med drøye 30 kunder. Turen tek 5-6 timar, og eg er på utkikk etter eit alternativ til skriveblokka, som alltid havnar på golvet, for å notere når eg er hos den enkelte.

Kva er di erfaring?

Vedkomande er på jakt etter ei enkel løysning.

– Dei einaste eg har kome over, er SmartDok, mLogg og Proresult. Spørsmålet er om nokon har vore borti desse og har nokon erfaring?

Det lurer vi også på. Vi spør derfor: Korleis dokumenterer du brøytinga?

BGs debattforum

  • Bedre Gardsdrift har et eget forum hvor du kan still spørsmål om alt som har med gardsdrift og landbruk å gjøre.
  • Forumet er delt inn i en rekke temaer, fra traktor eller vedlikehold til husdyr eller data.
  • Takhøyden er stor og det er rom for en frisk meningsutveksling så lenge reglene for forumet følges, men vi ønsker først og fremst at innleggene skal være interessante og utbytterike for de som besøker dem.
  • Du finner debattsidene her: gardsdrift.no/forum

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS