Golvet som kollapsa i ein to år gammal sauefjøs i Sandnes er av typen Reime Tulla Systemgulv. Illustrasjonsfoto.

Reime tar golvkollapsen på største alvor

Golvet i fjøset der 100 sauer fall i gjødselkjellaren er levert av Reime. Dei vil gjere sitt for å hindre at slikt skjer igjen.

Publisert

Tre sauer døydde mens resten overlevde etter at dei fall i gjødselkjellaren på eit to år gammalt sauefjøs i Sandnes måndag.

- Enno veit vi ikkje årsaka, seier dagleg leiar Erik Joa i Reime, og understrekar at han ikkje har vore i kontakt med bonden enno når Bedre Gardsdrift tar kontakt.

Dermed har han heller ikkje føresetnader til å seie sikkert kva som har skjedd eller korleis det kunne skje.

– Vi vil gjere alt vi kan for å belyse saka, avklare kva som har skjedd og sette inn tiltak så dette ikkje skjer på nytt.

Har skjedd før

Dette er ikkje første gongen eit golv av denne typen frå Reime kollapsar. Dei tidlegare tilfella har vore med spesielt lange spenn, og alle golva med tilsvarande spenn er blitt følgde opp for å sikrast.

– Der er levert golv der dimensjoneringa ikkje har vore optimal. I kombinasjon med visse driftsløysingar og fôringssystem kan golvet ha fått feil påkjenningar, og vi har hatt tilfelle av at golva har kollapsa. Før vi lanserte systemgolvet gjekk det gjennom avanserte konstruksjonsprogram og fleire testprosedyrar, seier han.

Då dei fekk tilfelle av kollaps, tok dei i bruk enda meir avanserte verktøy og enda grundigare testing.

- Vi har tatt kontakt med kundar der vi meiner det er behov for tiltak for å sikre mot slike situasjonar, og i tett dialog med kundane følgd opp med tiltak som skal hindre uheldige hendingar, fortel Reime-sjefen.

Totalt er det levert fleire hundre Tulla systemgulv frå Reime.

Skjedde ved vaksinering

Ut frå omtalen i NRK Rogaland og Stavanger Aftenblad skjedde golvkollapsen då dyra var trongsette i samband med vaksinering. Dermed var både bonden og ein veterinær til stades då seksjonar av golvet fall ned og dyra følgde etter ned i gjødselkjellaren.

NRK fortel at bonden raskt starta å tappe ut gjødsel frå gjødselkjellaren, samstundes som bonden og veterinæren tilkalte brannvern og naboar som raskt kom til for å hjelpe.

Bonden og to andre som var i gjødselkjellaren for å få ut dyra, fekk oksygen av ambulansepersonell. Då brannvernet kom til, sende dei ned fire dykkarar med pustemasker. Bonden vart tatt med i ambulanse for legesjekk.

Bortsett frå dei tre sauene som døydde, er det ikkje meldt om skader på folk eller dyr.

Systemgolv

Golvtypen, som går under namnet Tulla systemgulv, er som namnet tilseier ein komplett pakke der ulike komponentar blir sett saman til eit system. Det inneber at alle komponentane har ein gitt funksjon, slik at konstruksjon og montering må vere rett utført.

Ein viktig komponent er tverrliggaren, som i dette tilfellet er ein fagverkskonstruksjon. Denne typen tverrliggar er i siste katalogen frå Reime marknadsført med spenn på tre til fem meter. Den er sterk på loddrett last, men ikkje like sterk sidelengs. Der er det meininga at golvkonstruksjonen elles skal fungere som avstiving. Den kan samanliknast med ein takstol: Svært sterk opp og ned, men heilt avhengig av avstiving for å stå stødig, og sårbar for feilmontering.

Powered by Labrador CMS