Eit lite løft

John Deere, Valtra og MF stadfestar at dei har ambisjonar om å halde seg på plassane sine på sigerspallen. Etter eit halvt år er resultatet 1507 nyregistrerte traktorar.

Publisert

Gjennomsnittet etter første halvår for dei fire føregåande åra, som alle har vore av det moderatet slaget, er 1559 traktorar. Vi ligg altså ikkje veldig langt bak det nivået. Men gjennomsnittet for dei siste 10 åra er 1715 traktorar, altså kring 200 betre enn kva vi har no.

2017: Ca. 3025 totalt?

Normalt er tett oppunder halvparten av alle nyregistreringane gjennomførte i første halvår. Om dette vert resultatet også i år, kan vi sjå for oss ein totalmarknad når desember er omme på 3024 traktorar. Siste 12 månader er det registrert 3025 traktorar. Ikkje mykje å rope hurra for. Men vi må hugse at gjennomsnittseffekten var vesentleg større i 2016 enn normalutviklinga dei seinare åra. Større traktorar betyr dels at færre kan gjere same jobben, dels at servicemannskapet frå forhandlarane får meir større jobbar på kvar traktor.

Stødig som vanleg

På lista over dei ni mest populære merka er det absolutt ingenting som overraskar oss. John Deere held seg stødig i tet, stadig noko bak fjoråret.

Valtra held fram med gode resultat på andreplass, som vanleg med vesentleg betre tal enn i fjor, og dermed også som eitt av få merke med reelt god framgang.

Massey Ferguson har mista litt piff i år i høve til i fjor, men tar seg godt inn med dei høgaste registreringstala om vi ser på juni isolert sett.

116 traktorar bak MF finn vi New Holland på fjerdeplass. Sånn er det, og sånn ser det ut som det held fram ei stund til.

Fendt går stødig vidare, omlag på same nivået som vi har sett til no gjennom året. Det same gjeld Claas og Deutz-Fahr. Kubota har nær dobla seg frå same tid i fjor, men vi tør tippe at importøren og forhandlarane hadde håpa seg noko meir.

Småmerka er leia av Zetor, som har halvert seg frå første halvår 2016, og McCormick. Her er 20 av 28 traktorar borte i kjølvatnet av Lena Maskins skilsmisse frå McCormick. Du kan elles merke deg at det er levert to fleire kinatraktorar enn Zetorar siste halvår.

Importørane

Eikmaskin har, med alle tre Agco-produkta under vengjene, over 45 prosent marknadsandel. Felleskjøpa og John Deere hels seg like under 24-talet. A-K maskiner har i sum lågare marknadsandel med sine to merke enn MF har åleine.

I 2006 starta Bedre Gardsrift, som første norske tidsskrift, registreringsstatistikk for traktor kvar månad på nett. Som regel har vi vore klare om kvelden, når vi får tala få Opplysningsrådet for vegtrafikken på epost, og lagt ut både statistikk og kommentar før midnatt, sånn pluss/minus. Unikt for Bedre Gardsdrift er at vi har luka bort slikt som ikkje skal reknast som traktor. Til dømes hjullastarar eller veterantraktorar.

Kvar månad sidan oppstarten er det underteikna som har skrive denne statistikken. Vel å merke med unntak av ein kortare periode kring 2011. Då var det min gode kollega og redaktør fram til årsskiftet 2016/2017, Magnus Østby, som gjorde arbeidet.

Dette blir den siste frå mitt tastatur. Når juli er omme er eg ferdig i Bedre Gardsdrift, så då er det andre som overtar.

Takk for følget!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS