Det variable året

2016 er stadig godt framom fjoråret, men mai var uvanleg svak. Rekkefølgja er som i april: JD, MF, Valtra – og Fendt.

Publisert

Årets mai ligg dryge 100 traktorar under gjennomsnittet for mai siste 10 åra, og er årets nest svakaste månad.

I teten av tabellen er det rimeleg stabilt: John Deere er klart i tet, og Massey Ferguson ligg veldig stødig som nummer to. Valtra er også klar og tydeleg på sin tredjeplass, med god avstand både opp og ned.

Fjerdeplassen er som i april: Fendt. Den store vinnaren til no i år hadde eksakt like mange registreringar i mai som Valtra. Fendt er dermed no oppe på same nivå som etter 12 månader av 2011 eller 2012.

For A-K vil det seg ikkje enno. 140 blå og 68 raude er ganske tamt, og i sum har A-K maskiner like stor marknadsandel som New Holland tradisjonelt har hatt åleine. Trøysta er at begge ligg litt betre i løypa enn på same tid i fjor. Dei to er dessutan einaste merka med tosifra tal traktorar i pluss målt i fjor, forutan Fendt.

Totalmarknaden er 62 traktorar betre no enn på same tid i fjor. Siste 12 månadane er resultatet 3132 traktorar. Det er 467 dårlegare enn snittet for siste 10 åra, men 50 traktorar betre enn dei førre 12 månadane. Så det finst håp.