tdb smod1

Heilt ny traktoroversikt

Bedre Gardsdrift har fornya traktoroversikten på www.gardsdrift.no. 5600 traktorar ventar på deg, sprekkfulle av tekniske data, gøymd bakom nye søkefilter. 

Publisert

Vi har hatt stor suksess med den eksisterande traktoroversikten på nett, som vart lansert i februar 2008. Tilbodet er utan konkurranse, men vi legg oss ikkje på sofaen av den grunn. No lanserer vi ein heilt ny traktoroversikt på nett, der det skal vere enda enklare å finne fram og få til det du vil.

Enkelt og avansert søk

"

Det skal ikkje mykje til for å finne fram med enkelt søk.

Er du på jakt etter T4-serien frå New Holland, kan du no kort og greitt søke på "T4" i det enkle søkeskjemaet, trykke "enter", og der får du alle treff som inneheld "T4". Så kan du sjå heile spesifikasjonslista på den versjonen du ynskjer. Er du meir spesifikk av deg, kan du gå til det utvida søkeskjemaet og be om treff på traktorar med minst tre kraftuttakshastigheiter, klargjort for IsoBus og med tillatt totalvekt over 15 tonn, berre av 2016-årgangen. Du kan be om å få sjå berre spesialtraktorar under 220 cm i høgde, eller du kan sjekke kva MF baud på mellom 460 og 500 000 kroner i tida frå 2005 til 2008.

Samanlikne og lagre søk

For full funksjonalitet kan du logge inn. Då får du høve til å samanlikne modellar, lagre søk og lage di eiga liste med favorittar, som du kan hente fram når du vil. Du kan rett og slett lage di eiga traktorbrosjyre. Det å logge inn er heilt gratis og uforpliktande, og veldig enkelt.

Spesifikasjonar for framtida

Mykje har skjedd i traktorbransjen sidan 2008. Spesifikasjonar som vi ikkje tenkte over den gongen er blitt vanlege no. Det tar vi høgde for, i tillegg til at vi klargjer for eigenskapar vi trur vil bli interessante dei næraste par åra. Alle data er leverte av importørane, mens Bedre Gardsdrift har vaska datamaterialet og gjort det handterbart i databasen.

Du kan legge så mange modellar du berre vil til samanlikning, av alle årgangar frå 2001 til i dag

Perfekt på brukte traktorar

Bedre Gardsdrift har laga traktoroversikt i lange tider. Fram til no har vi hatt data tilbake til 2005 på nett, men vi hadde meir i ermet. No har vi lagt ut alt vi har tilbake til 2001. Dei eldste årgangane omfattar få modellar og få tekniske data, men gir ein viss peikepinn på kva som var gjeldande den gongen. Til saman har vi kring 5600 modellar i databasen vår. Skal du kjøpe brukttraktor og lurer på korleis spesifikasjonane var på ein typisk slik traktor då den var ny, er dette plassen å leite.

Made in Hedmark

Traktoroversikten er utvikla for Bedre Gardsdrift, og bygd opp av lokal kompetanse nær hovudkontoret vårt på Kirkenær. Spesifikasjonane er sett opp av Bedre Gardsdrift-redaksjonen, for å etterkome ønska frå lesarane våre.

Kva meiner du?

Det spelar liten rolle kva vi sjølve meiner om produktet vårt. Den verkelege dommen kjem frå deg som skal bruke traktoroversikten. Så gi oss gjerne tilbakemelding, enten du er nøgd, eller om du ser endringar som kan gjerast. Du finn kontaktinfo øvst på sida for traktoroversikten vår. Vi lovar å lytte!

"
Powered by Labrador CMS