Ting tar tid. Her er ei faksimile av ein artikkel frå Bedre Gardsdrift i 2009, då vi hadde eit håp om at nokre av reglane skulle ordne seg. No er håpet at det skjer før sommaren 2017.

No: Ryddeaksjon i trafikkreglane

Samferdsledepartementet børstar no støvet av fleire av innspela frå Bedre Gardsdrift og Norges Bondelag, og ber Vegdirektoratet rydde opp i ymse trafikkreglar.

Publisert

I eit brev frå Samferdsledepartementet til Vegdirektoratet, datert i går, ber departementet om at det blir tatt tak i desse problemstillingane:

- Avstandsregelen ved køyring med brei reiskap

- Kva som er "vanleg bruk" ved køyring med brei reiskap

- Reglane for bruk av tvillinghjul

- Vurdere å unnta traktorar frå kravet om å ha med kjettingar i "piggdekkperioden"

- Bruk av fartsskrivar i traktor

- Registrering av motorreiskap

Mykje er for uklart

Samferdsledepartementet slær fast at reglane kring dei nemnde emna er for uklare og vert handheva på ulikt vis. Målet er å få klare og tydelege tilrådingar på korleis nemnde reglar skal praktiserast.

Utgangspunkt: Gamle innspel frå BG

Snøballen som no er på trill att starta med eit møte Bedre Gardsdrift hadde for nøyaktig åtte år sidan med dåverande landbruksminister Lars Peder Brekk og statssekretær i samferdsledepartementet, Geir Pollestad. I kjølvatnet vart der oppretta ei breiddegruppe som la fram ein rapport i august same året. Rapporten har sidan då ligge pent i ei skuff.

Fleire problemstillingar vart lagt til i møte BG hadde med Pollestad ved årsskiftet 2012/2013, som atter munna ut i eit felles brev frå Norges Bondelag, Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes Forening og Bedre Gardsdrift i februar 2013. BG har både åleine og saman med mellom andre Norges Bondelag hatt stadige møte for å prøve å få framdrift i desse sakene oppgjennom åra. I det siste har også bondelaget følgt opp sakskomplekset på eiga hand.

– We’re getting the band back together

Departementet seier no som brørne Jake og Elwood Blues: La oss samle gjengen att! Vegdirektoratet blir oppmoda til å samle gruppa som i august 2009 la fram breidderapporten. Gruppa var samansett av representantar frå landbruks- og samferdsledepartementa, Vegdirektoratet, Politiet, Arbeidstilsynet, Norges Automobilforbund, Norges Lastebileier-Forbund og Maskinentreprenørenes Forbund. Frå landbruket deltok Gunstein Dyrdal for Traktor- og Landbruksmaskimportørenes Forening (TLIF) og Johannes Ingvoldstad for Norges Bondelag.

Mandatet no er ikkje berre å ta stilling til stikkorda over. Dei kan også å sjå på andre spørsmål som dukkar opp undervegs.

Skal konkludere innan 1. juni 2017

Gruppa er slik at landbruket er i mindretal. Så var da også innstillinga frå gruppa delt i 2009. Det kan sjå ut til at departementet håpar at partane skal nærme seg kvarandre, når dei kjem med denne oppmodinga: I lys av utviklingen i tiden som er gått, ser vi det som hensiktsmessig at rapporten oppdateres før implementeringsarbeidet igangsettes.

Departementet ber om at rapporten som gruppa no skal kome med skal vere ferdig og konklusjonane skal vere trekte innan 1. juni i år.

Powered by Labrador CMS