Kundane Tor Aalgaard, Svein Madland, Tom Ree og seljar John Inge Øgreid.
Slike familiebilete blir ikkje tekne kvar dag, heller ikkje i Rogaland.
Breie smil og store forventningar når Svein Madland får overlevert blomar som takk for storhandel frå seljar John Inge Øgreid.

939 hk i ei overlevering

Tre traktorar til litt over to millionar kroner per stykk vart overleverte samstundes frå Ålgård Landbrukssenter.

Publisert

Til no er det levert totalt fire New Holland T7.315HD i Noreg. Tre av dei vart overleverte i går, til kundane Tor Aalgaard, Svein Madland og Tom Ree frå seljar John Inge Øgreid på Ålgård Landbrukssenter.

Blue Power

Traktorane er frå New Hollands nyaste traktorserie. Kvar av dei har ei maksimal yting på 313 hk, og maks dreiemoment er 1282 Nm. Traktorane har trinnlaus transmisjon og ein listepris på 2,2 millionar kroner.

Dei tre Ålgård-traktorane er av varianten Blue Power, med djup blå metallic lakk, sølvfarga felgar og elles eit noko meir påkosta utstyrsnivå enn standardutgåvene. Ein slik leveranse er ikkje kvardagskost, og dei tilsette ved Ålgård Landbrukssenter er litt over gjennomsnittleg stolte om dagen.

Alle levert med hengar

Det som gjer handelen enda meir spesiell, er at alle tre er leverte med nye Foss-Eik dumperhengarar. Alle tre hengarane har 21 tonn tillatt totalvekt og 15 tonn nyttelast. Alle har dempa drag og innvendig kassemål på 4,5 x 2,4 meter, men har elles ulike spesifikasjonar.

To av hengarane har kuledrag. Og om du ser ekstra nøye på bileta, kan du skimte at lakken er blå også på ein av hengarane.

Mini-kortesje

Då dei tre kundane skulle starte på heimturen, vart det organisert kortesje og trafikken på hovudvegen vart stoppa ein liten stubb, i reinaste 17.mai-tog-stil, for å få god film.

Det kan elles nemnast at det første raude halvsøskenet til T7HD-serien, nye CaseIH Optum, er levert på Nærbø.

Powered by Labrador CMS