Går det mot slutten for sololeigeprisar?
Bedre Gardsdrift har svært godt tilfang av prisar på leigekøyring. På maskinleige, også omtalt som sololeige, er det mykje lengre mellom tala.
Mange av prisane på leige av enkeltreiskapar byggjer på lister frå maskinringar og tilsvarande, der den eine etter den andre har lagt ned listene sine, og dei få som er att vert sjeldnare oppdaterte.
I 2016 vart ingen av dei attlevande store listene frå maskinringane justerte. Det er forklaringa på at justeringane i denne delen av prislista er vesentleg mindre enn på leigekøyring.
Hugs at det å sende inn ein einaste pris kan vere til stor hjelp. Om fire andre tenkjer det same om same maskina, er vi kan hende i mål.
Færre kjelder = stuttare liste
I fjor var vi også nøydd til å ta ut 26 prisar frå denne delen av lista, på grunn av manglande kjeldemateriale. Mange av dei som er att heng i ein tynn tråd.
Bedre Gardsdrift fin ikkje på prisar sjølv, vi er avhengige av å sjå kva prisar som er i marknaden for å kome fram til dei tala vi publiserer.
Er dette viktig for deg? Meld ifrå!
Slik utviklinga er no, er det ikkje statistisk forsvarleg å halde fram i mange år til med maskinleigedelen av lista slik den er i dag.
Er dette ein del av prislista som du nyttar deg av, er det fint om du melder ifrå til oss om korleis den blir brukt, og du kan gjerne seie kva du ynskjer i framtida. Å seie at "Eg brukar lista som den er, på reiskap A og C og F, men på F burde prisen vore 40 kroner høgare" – det vil vere til stor hjelp for oss!