Traktorfolket skit i eige reir

Det er særs lite oppløftande å sjå oppslag om farleg traktorkøyring i media kvar einaste veke. Rundballekøyring utan lastsikring er ein gjengangar.

Publisert Sist oppdatert

I våre dagar er det ikkje ei privatsak korleis du lastar på hengaren og legg ut på vegen. Det verste er sjølvsagt at du fort kan bli skuld i ei alvorleg ulukke. Det i seg sjølv er alvorleg nok til at du bør la lasset stå om du ikkje gidd å sikre det skikkeleg. Eller parkere traktoren om den ikkje er i akseptabel stand. Ein traktor er slett inga ufarleg maskin å ferdast med. Langt mindre om du køyrer usikra last, kanskje enda til utan bremser.

Til spott og spe

Eit anna poeng er at du fort kan gjere deg skuld i at det i framtida blir enda vanskelegare å ferdast langs veg for både deg sjølv og alt av yrkesbrør. I våre dagar har nær sagt alle kamera lett tilgjengeleg. Eit tankelaust lass på hengaren langs veg kan nå tusenvis på Facebook lenge før du har parkert for kvelden. Det har vi sett tallause døme på dei seinare åra. Slike bilete er bensin på bålet til alle som vil stikke kjeppar i hjula for traktortransport langs vegen. Slike folk finst det mange av.

Garantert medieomtale

Den seinare tida har Statens Vegvesen i melloma anna i Hedmark og Akershus stoppa traktor etter traktor med dårleg sikra last. Tiltaket er prisverdig. Resultatet er nedslåande. Desse ekvipasjane er sjølvsagt fotograferte. Bileta blir plukka opp av lokalavisene, og i neste omgang til dømes av tungt.no, som rettar seg mot lastebilnæringa, eller av nettsidene til slike som Bergens Tidende, VG, Dagbladet og NRK. For sjølvsagt å bli spreidd enda vidare att via sosiale medium.

At det av og til kjem opp saker om manglande skilt på slept reiskap eller andre meir eller mindre omdiskuterte handhevingar av omdiskuterte trafikkreglar, det tar vi ikkje så tungt. Men at folk som køyrer traktor gir blaffen i tryggleiken, det er djupt alvorleg.

Ta ansvar!

Berre for å ta det heilt grunnleggande: Skal du ferdast i trafikken, må det gjerast slik at du ikkje er til fare for andre. Så enkelt er det. I praksis betyr dette at du må ha bremser, lys og lastsikring i orden. Om du ser andre som ikkje har sitt på stell, er oppmodinga vår klar: Sei ifrå! Det er mykje betre at du stoppar naboen, enn at ein rundball frå tilhengaren hans skal bråstoppe ein møtande bil.

For den dagen styresmaktene ser seg leie på all den vitlause traktorkøyringa og vil stoppe den, har vi ikkje mykje å stille opp med. Du kan ikkje la nokon få tillit når vedkomande ikkje er moden til å vere tilliten verdig.

All last på tilhengar skal sikrast, uavhengig av om det er ein lastebilhengar, personbiltilhengar eller traktortilhengar.
Lausmasse bli sikra av karmane på tilhengaren. Det skal ikkje lessast større lass enn at det held seg innanfor karmane om du stryk det flatt.

Alle andre former for last skal sikrast med stropper, kjetting eller anna høveleg og godkjent sikringsmateriell. Til rundballar finst det spesielt tilpassa stropper, som fungerer betre enn vanlege lastsikringsstropper.

Reglane for traktorar som går over 30 km/h er identiske med reglane for lastebil. For traktorar med lågare fart er einaste skilnaden at kravet til sikring framover er halvparten så strengt.

Og om du skulle lure: Å satse på klebe-effekten i rundballeplasten som lastsikring er like smart som å sikre tømmerstokkar med dasspapir.