Kona: Det er sikkert Bedre Gardsdrift som ringjer!

Kona til Jon Gustav Bjørnstad fekk rett: Det var BG som ringte. For å fortelje at han vann tur for to til Kronefabrikken.

Publisert

Faktisk var BG-nøttene tema på ein romjulsfest i bygda, kvelden før BG-nissane løfta opp røret. På Lalm-traktene i Ottadalen er der nemleg eit sterkt BG-nøtt-miljø, og årets Kronetur er ikkje den første premien til området. Men den kjem godt med. Kona til Jon Gustav har nemleg antyda at det stundom går litt tid til nøtteknekkinga, men no har han gode argument for å halde fram. Vinnarsjansen viser seg å vere betre enn i Lotto!

– Eg trur eg har vore med på julekalenderen heilt frå starten, nemner mjølkeprodusenten. Han overtok garden i 2000, som 23-åring. Med 430 tonn i kvote har han rikeleg å gjere på. Også fruen i huset er med i drifta, den tida ho ikkje er på jobb som skogbrukssjef.

Krone-importør HCP Norge sponsar premien, ein tur for to inklusive reise og opphald, til Krone-fabrikken i Tyskland.

Relaterte artikler

Powered by Labrador CMS