modell 11 q.jpg

Traktoroversikten 2011 er på nett

Ver så god: 603 oppdaterte traktormodellar, med inntil 60 punkt med spesifikasjonar på kvar. Alt saman klargjort for søk, rangering og tilhøyrande spekulering. No er traktoroversikten på nett oppdatert!

Publisert

Vi er like stolte også i år: Bedre Gardsdrift gir deg det som kan hende er verdas mest omfattande og lettbrukte database over traktorar og spesifikasjonar. Her har du alt av nye traktorar som er å få kjøpt på ordinært vis på den norske marknaden. Importørane melder inn sine data og prisar, og du kan samanlinke akkurat dei du vil.

Oversiktleg...

I Bedre Gardsdrift nr. 9 2010 får du lettles-versjonen av traktoroversikten på papir. Her er dei ti mest aktuelle modellane frå kvart merke, med pris og det viktigaste av data. Alle merke er presenterte med bilete, og med all kontaktinformasjon til importørane. Vil du fort og greitt sjå kva traktorar importørane prioriterer, og skaffe deg eit raskt overblikk over prisar og data, er Bedre Gardsdrifts trykte traktoroversikt plassen å starte.

...og fyldig

I tillegg tilbyr vi alle nye traktorar som er på marknaden, i traktoroversikten vår på nett. Her får du fram så godt som alt av spesifikasjonar på akkurat dei modellane du er ute etter. Vi har traktorar frå 2005 til i dag, og du vel sjølv kva spesifikasjonar du vil sortere dei ut frå. Ver berre klar over at vi heller ikkje på nett har absolutt alle utstyrsvariantar, så framleis må du tenkje litt sjølv.

Kvalitetskontrollert

For å sikre oss at informasjonen du får skal vere til å stole på, legg vi kvart år ned ein stor innsats i kvalitetskontroll. Traktorimportørane gjer eit solid arbeid og leverer godt materiale til oss. I tillegg går vi i Bedre Gardsdrift-redaksjonen gjennom alle dei 35 000 cellene med data før vi publiserer dei, for å rette opp feilrapportering, misforståingar eller andre feil.Då er det servert.Kos deg!Gå direkte til traktoroversikten på nett her!

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS