John Deere 6RC (1)

Oppdaterte Deere-data

Traktoroversikten her på gardsrift.no er oppdatert med ferske data og prisar på John Deere. Her finn du mellom anna nye 6RC og 6MC, totalt 54 oppdaterte modellar.

Publisert

Kor sterk, kor tung, kor dyr? Alt dette og meir til finn du svar på i BGs traktoroversikt på nett.

Då vi samla inn data til den ordinære publiseringa av traktoroversikten hadde ikkje Felleskjøpet kapasitet til å oppdatere alt av data. Etter avtale vidareførte vi difor fjorårstala for John Deere. No har vi ferske tal på plass. Dermed er alt klart for å granske, samanlikne og vurdere dei ulike traktorane du har interesse av opp mot kvarandre, inkludert den grøne hjorten.

Som vanleg kan du også sjå og samanlikne med tidlegare årgangar, til dømes om du vil sjå prisutviklinga. Bedre Gardsdrifts eigenutvikla, unike traktoroversikt omfattar data frå 2005 til 2014, og inneheld fleire tusen oppføringar.

"
Powered by Labrador CMS