1508reg-graf

Grønt lys

John Deere er inne i ein veldig god periode. Fire av ti traktorar med nye skilt i august vart utleverte frå felleskjøpa. Årets august er opp fire traktorar frå august 2014. 

Publisert

Årets hjortebestand ligg an til å bli stor, med ein formidabel auke frå fjoråret. Så var då også 2014 sjeldan svakt. Kvar tredje nye traktor til no i år er ein John Deere, og august vart enda betre enn gjennomsnittet for året.

MF, Fendt og Valtra

Andreplassen går i kjent stil til Massey Ferguson, som saman med Fendt held ei stabil framdrift. Begge er noko bakom fjoråret, men stadig sånn omlag på nivå med eigen standart til no i år. Det ser ut til at femteplassen til Fendt er temmeleg trygg. Valtra har ein svak månad bak seg, utan at det gir dei heilt store utslaga i marknadsandel og posisjon. Tredjeplassen ser svært trygg ut.

A-K-traktorane

Om du har brukt siste åtte månadane til å ro over Atlanterhavet eller på anna vis vore heilt fråkopla det som skjer i verda, kan vi informere om at A-K maskiner har lagt bak seg eit svært dårleg år så langt. Den utviklinga held fram også i august. Både New Holland og CaseIH ligg attpå alt under nivået for året under eitt, noko som bidrar til å svekke posisjonen enda litt. Til og med om vi summerer dei to, kjem dei ikkje høgare enn fjerdeplass. New Holland har no to månader med under 10 prosent marknadsandel. Det er spesielt.

Dei andre

For dei andre merka er det ingen store endringar. I kjeldematerialet ligg det inne ei Werner skogsmaskin registrert som traktor. Fin maskin, men skogsmaskiner er motorreiskap og dermed ikkje registreringspliktige. Difor er ikkje Werner med i våre tal.

August er nesten som i fjor

Totalmarknaden i august går opp frå 190 i fjor til 194 i år. Då har vi som vanleg korrigert for køyrety som opplagt feilaktig er oppførte som traktor. Gjennomsnittet for august over ti år er 245 traktorar, så vi kan trygt seie at resultatet er mot normalt. Siste 12 månadane er det registrert 3074 nye traktorar, mot 3434 på same tid i fjor. Det er ein tilbakegang på 360, altså ned dryge ti prosent. Dette er største endringa i volum på fem år.

Powered by Labrador CMS