1509reg-graf
1509reg-graf

Pila peikar mot 3000 pr. år

John Deere drar lasset, og New Holland glimtar til i september, men den samla marknaden er snart nede i 3000 traktorar for dei siste 12 månadane. 

Publisert

Over tid er eit normalt nivå for 12 månader med traktorregistreringar ein plass kring 3500-3600 traktorar. I sum vart 2014 dårleg, men ser vi på førre 12-månadersperiode var framleis registreringane på greie 3400 traktorar. No, 12 kalenderblad seinare, er status 3037 traktorar, og pila peikar nedover. Det er det mange andre piler knytt til økonomi og sånt kringom i landet og verda som gjer også, så ingen er vel særleg overraska. Det store spørsmålet er kor langt ned vi skal før traktorpila snur oppatt.

Godt hjort

John Deere er solid i tet, og september bidrar til å styrke posisjonen enda litt. Marknadsandelen til no i år har bikka 33,0 prosent, og dominansen er suveren. Det er ikkje langt unna at John Deere er dobbelt så stor som nummer to.

MF og Valtra i ruslefart

Dei to andre pall-traktorane drog på bremsa siste månad. 23 traktorar/11 prosent på Massey Ferguson og 27 traktorar/13 prosent på Valtra er noko tamt. Valtra held seg stadig over det svake nivået frå i fjor, mens MF har tapt mykje.

Godkjent til New Holland

For dei blå i A-K må det vere kjekt å notere seg at New Holland nesten er på same nivå for september no som i fjor. Månaden vart årets tredje beste, men slett ikkje nok til å kompensere for eit elles svakt år.

Resten

For dei andre merka er det ingenting stort å nemne. Visse justeringar opp og ned, men ingenting som gir markante utslag.

Importørane

Felleskjøpa er klart størst med nokså nøyaktig ein tredel av marknaden. Eikmaskin er like klar som nummer to, med ein fjerdedel. Så følgjer Lantmännen med ein plass mellom ein femtedel og ein sjettedel, mens A-K maskiner har mindre enn ein sjuandedel, om vi held oss til brøkrekninga. Slik sett er det jo nesten eit system i det, om du er glad i matematikk.