1510reg-graf

Likt som i fjor

Registreringstala for oktober er identiske i 2014 og 2015. Rekkefølgja i toppen er annleis, men ikkje endra frå det vi er blitt vant med i år. 2015 totalt sett er stadig svakt. 

Publisert

277 traktorar i oktober er rett nok nøyaktig like mange som i fjor, men like fullt nær 50 traktorar mindre enn i eit normalt år. Siste 12 månader er nesten 500 bakom det gjennomsnittlege 12-månadersnivået for ein lengre periode.

To sterke i toppen

Fjoråret var på ymse vis eit annleis-år i toppen av lista, men også 2015 er noko utanom det vanlege. Rett nok har vi John Deere tilbake på topp, men til skilnad frå det dårlege fjoråret, er hjorten uvanleg sterk no.

MF er mykje tilbake frå 2014, utan at det treng seiast å vere så kritisk. Vel 18 prosent marknadsandel er i overkant av det typiske nivået for MF. Slik sett var det 2014 som var uvanleg for Massey Ferguson, mens årets resultat er standard stø kurs.

Valtra nesten normal

Den finske traktoren har henta inn nedgangen frå i fjor, og er omlag på normalt nivå. Tredjeplassen ser også ganske sikker ut. Skal den gleppe, må New Holland levere ut over 50 traktorar meir enn Valtra kvar av dei to siste månadane i år. Etter vårt syn er alle dei øvste plassane på lista spikra no.

Har New Holland vakna att?

2015 vert ikkje noko blått traktorår. New Holland ligg på to tredelar av normalt, og er også merket med klart størst tilbakegang. Til no 152 traktorar ned. Årets oktober er rett nok oppe att på gamle takter, så no står det att å sjå om dette talet står seg. Heilt nede på sjuandeplass finn vi CaseIH, som slett ikkje har funne tilbake til gammal form. 3,6 prosentpoeng både i oktober og til no i år er berre halvparten så mykje kake som vanleg. Enda verre er tilbakegangen frå i fjor, målt i tal traktorar. Du treng ikkje vere god i hovudrekning for å sjå at 86 er mindre enn halvparten av 199.

Mykje stabilitet

Elles på topp 11-lista er det påfallande stabilt. Femte- og sjetteplassen, fordelt på Fendt og Claas, er begge innanfor normale svingingar. Deutz-Fahr på åttande er ned 33 traktorar frå i fjor, men har ein grei oktober. McCormick, Zetor og Kubota held seg alle omlag likt med fjoråret. Nytt denne månaden er at Zetor er forbi japanaren med ein traktor.

PS: JCB rører på seg!

Nede på 16-plass, bak Foton, Iseki, Antonio Carraro og Kioti, finn vi det store murmeldyret JCB, som til no i år nærast har ligge i dvale. Men brått er der noko som rører på seg. Tre traktorar i oktober gir meir enn ei dobling av årets tal. Pass på!

Powered by Labrador CMS