fk bonder i byn.jpg

Stolte bønder i by`n

Felleskjøpet slår eit mektig slag for stolte bønder som dyktige fagfolk med utstyret i orden. Reklamefilmen har dundra over skjermen på komersielle tv-kanalar frå sist måndag. Du kan sjå den her.

Publisert

Rakrygga, kunnskapsrike og godt utstyrte kjem ein hærskare bønder inn i byen for å bistå dei hjelpelause urbane stakkarane. Reklamefilmen er laga av reklamebyrået Try, og hjernane bak ha gullfiskar frå tidlegare reklameprisutdelingar på peishylla. Dei har ein ambisjon om å få Felleskjøpet til å framstå som alt anna enn traust, og dei vil vise fram at kompetansen som bøndene har kan kome folk i meir urbane strøk til nytte.Filmen vil få følgje av andre filmar som inneheld meir spesifik produktreklame.Til bransjebladet Kampanje fortel filmskaparane at det var ei "utruleg kul kjensle" å rope Ver så god og kjenne buldringa av 70 traktorar på veg over åskammen mot seg. " Samstundes vil nok filmen ha ein god indre effekt for Felleskjøpets 44 000 eigarar - og vi trur også den funkar bra for bønder flest, FK-medlem eller ikkje.Vi gratulerer med reklamefilmen, og siterer samstundes første setning frå leiarartikkelen i Bedre Gardsdrift nr. 1 2012: Om det er krig og krise, eller berre noko så enkelt som at eit tre ligg over vegen, veit alle at om der finst ein bonde i nærleiken, er dei berga.

Lurer du forresten på kva du skal ta betalt om du reiser inn til by`n for å gjere ein jobb? Svaret finn du i Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste. Fjorårslista ligg her. Den nye kjem i postkassen om du er abonnent.

"

Powered by Labrador CMS