fendt 820 fart uskarp q

Forslag om 40 km/h i Danmark

Danmark har hatt 30 km/h som fartsgrense for traktor på veg. No vil samferdsleministeren opne for 40 km/h. 

Publisert

Danske bønder håpar dei snart kan køyre lovleg i 40 km/h langs vegane.

Saka er enno ikkje vedtatt i Folketinget. Venstres talsperson i samferdslesaker meiner det er på høg tid å gjennomføre endringa, og meiner at dagens fartsgrense er ei levning frå fortida. – Ei landbruksmaskin vi alltid vere til eit visst hinder i trafikken. Å heve fartsgrensa frå 30 til 40 km/h er svært fornuftig. Vi må hugse på at landbruksmaskinene ikkje berre er til hinder, men dei bidrar også til store inntekter for Danmark. Dei fleste traktorar kan alt i dag køyre i 40 km/h.

Behov for regel-rydding også i DK

Færdselsgruppen, som er ei samanslutning av danske interessentar som arbeider for å rydde opp i danske trafikkreglar, er svært glade for framlegget. – Vi har vore i møte med samferdsleministeren og gitt han ei liste med forslag vi meiner han bør gjennomføre. Vi er glade for at han høyrer på oss, og håpar at vi snart kan gjennomføre vegtransporten vår meir effektivt, seier Jørgen Jørgensen i Færdselsgruppen.

Ulik praksis

Fartsgrenser for traktor blir praktisert svært ulikt kringom i Europa. Mens til dømes Tyskland godtar traktorar som går i 62 km/h (over 60 som er minstefart på visse hovudvegar), er der stadig land som heng att i gamledagar med 30 km/h. Nokre har låge fartsgrenser, men typegodkjenner også raskare traktorar. Andre har ikkje spesielle fartsgrenser, men regulerer maks-farten med typegodkjenninga. I eit av BeNeLux-landa får vi fortalt frå journalistkollegaer at politi og vegstyresmakter er glade for alle landbruksmaskiner som køyrer i 50 km/h langs vegen, og vinkar dei vidare med tommel opp, trass ei nasjonal fartsgrense på 30 km/h.

Nye EU-reglar i kjømda

Til nest år innfører EU nye typegodkjenningsreglar for traktorar, som fører med seg ei felles europeisk godkjenning av raske traktorar. Alle land knytte til EU pliktar å godta traktorar som er typegodkjende etter dei nye reglane, men det er opp til kvart enkelt land å bestemme fartsgrensene. Litt som for bilar: Om bilen kan gå i 240 km/h, har den ikkje lov å køyre meir enn 80 km/h på vanleg norsk landeveg.

Powered by Labrador CMS