Maskinleigeprisane 2006

I Bedre Gardsdrift 5/06 står årets maskinleigeprisar. Ei større og grundigare liste har aldri før vore presentert her i landet. Her på nettsida finn du prisdøme, utkast til leigekontrakter og meir.

Publisert Sist oppdatert

Aldri før har så mange prisar vore samla i ei prisliste, og aldri før har grunnlaget for prislista vår vore så omfattande. Maskinleigeprisane for 2006 i Bedre Gardsdrift omfattar over 250 reiskapar og arbeidsoperasjonar, altså både maskinleige og leigekøyring.

Det blir ikkje utgitt noko liste for slike prisar av noko offentleg slag. Ymse publikasjonar og organisasjonar lagar sine variantar, men ingen kan konkurrere i omfang og grunnlag. Om du ikkje er i området for ein maskinring eller tilsvarande, er det altså ingen tvil om at det beste alternativet er å bruke lista frå Bedre Gardsdrift. Her har du prisar du kan stole på.

Årets prisliste er berre tilgjengeleg i bladet. Abonnentane våre fekk bladet heim i postkassen siste veka i juni. Om du ikkje abonnerer, bør du oppsøke naboen eller biblioteket, du kan bestille eit abonnement og be om å få med dette bladet, eller kjøpe bladet over nett her.

I artikkelen som følgjer prislista, fortel vi at det er tøffe kår for dei som driv leigekøyring. Prisen på diesel og andre innsatsvarer er stadig stigande, utan at det lar seg gjere å ta inn heile prisauken frå kundane.

Vi omtaler prising av frammøte og eventuell minstepris. Vidare: Situasjonen på rundballemarknaden, lønsemd ved leigd sprøyting, vask og etterarbeid, geografiske skilnader, snøbrøyting, bruksområde for prisane og meir til.

Vil du lese meir om dette, eller framleis lurer på kva det går ut på, kan du sjekke følgjande saker:

- Ein proffare leigemarknad. Artikkel til leigeprislista i 2005.

- Prisliste - utdrag frå lista for 2005 (visse avvik frå årets liste, pga betre kjeldegrunnlag i 2006)

- Døme på prissetting

- Utkast til kontrakt for maskinleige

- Utkast til kontrakt for jordleige (artikkel, rettleiing, kontraktsutkast på bokmål og nynorsk m.m.)

Har du spørsmål, kommentarar, tips om prisar, om du saknar noko eller vil gi oss din pris, eller om du har andre innspel, er du velkomen til å kontakte oss.

[ekstra søkeord: maskinleiepris, maskinleie, leiepris, leiepriser, leiekjøring, priser]

"