penger - bredde

Leigekøyringstips

Korleis kan vi prise oss til ulike kundar? Og korleis kan enkelte av endringane i prisane på maskinleige forklarast – stor stigning eitt år, og stilleståande neste?

Publisert

I desse dagar ligg Bedre Gardsdrifts prisliste for leigekøyring og maskinleige i nær 16000 postkassar over heile landet, i eit smekkfullt blad som også inneheld over 100 sider om anna nyttig. Men for å halde oss til prisane: Her følgjer nokre vurderingar og innspel vi har notert oss undervegs.

Varier etter oppdrag

" Hønefoss og omegn Bygdeservice viser korleis prisen kan vere ulik for ulike oppdrag med same utstyret. For ordinært arbeid med mann og motorsag gjeld standard pris. Ved arbeid i hage er timeprisen 60 kroner høgare, mens det blir plussa på 120 kroner når det må til klatreutstyr for å gjere jobben. Det er heller ikkje uvanleg å plusse på inntil 30 prosent ved køyring på anlegg. Det kjem mellom anna av større risiko for slitasje og skade.

Trekkspel

Prisutviklinga er ikkje lik på alt arbeid, og det skuldast dels at kjeldene våre oppdaterer prisane sine med ujamne mellomrom. Nokre justerer prisen kvart andre år. Særleg på leige av enkeltmaskiner kan det gi store utslag om fleire tunge kjelder kjem med ei samtidig fleirårs-oppdatering. Over tid vil dette jamne seg ut.

Hest = motorsag

Nei, vi har ikkje fått prisar frå Findus eller First Price, men den ein gong så viktige hesten er bortimot ute. Dei som framleis køyrer fram tømmer med hest, ligg på omlag same prisnivå pr. time som leige av motorsag – utan samanlikning elles. Har du andre prisar på bruk av hest i levande tilstand, meld ifrå til oss!

Unik prisliste

Bedre Gardsdrifts prisliste på maskinleige og leigekøyring er unik i sitt slag: Den klart mest omfattande og vidtfemnande lista du kan finne, med eit svært solid kjeldegrunnlag. Dessutan er Bedre Gardsdrift åleine om å sette ein middelpris, i tillegg til å vise høgaste og lågaste relevante innmelde pris, og ingen andre har erfaring og talmateriale nok til å sjølv rekne på prisutviklinga år for år. Dette kjem deg til gode, ved at du får ei prisliste der du mest truleg finn det du leitar etter, og du kan vere trygg på kvaliteten. Rett og slett ei prisliste som er så verdifull at vi berre deler den med abonnentane våre. Vil du ha ei gratis maskinleigeprisliste gratis, må du ta til takke med noko som ikkje held same nivået, til dømes prislistene frå Bedre Gardsdrift frå tidlegare år.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS