Lederartikkel fra Bedre Gardsrift nr. 6 - 2012

Tid for jordskifte

«Jo, det er bra at du slær jorda mi. Men ikkje legg rundballar der, for det er så stygt.»

Publisert

Lederartikkel fra Bedre Gardsdrift nr. 6 2012

Jo, det er bra at du slær jorda mi. Men ikkje legg rundballar der, for det er så stygt. Og så må eg få be om at du ikkje spreier husdyrgjødsel mens vi er her, og vi likar ikkje å bli forstyrra av maskinarbeid om kvelden og i helgene. Må det verkeleg støve så gale når du harvar åkeren? Og er verkeleg ikkje denne fine teigen verd meir enn 200 kroner målet? Eg hugsar då bestefar dreiv her, då sto her fire hesjer oppover bakkane!

Etter som åra går er det stadig meir jord som er eigd av folk som geografisk, mentalt, eller begge deler på ein gong, er langt unna dagens landbruk.

Høyrt det før? Etter som åra går er det stadig meir jord som er eigd av folk som geografisk, mentalt, eller begge deler på ein gong, er langt unna dagens landbruk. Slike folk rår over store ressursar som dei sjølve ikkje vil, kan eller bør drive, og dei er blitt eit problem for landbruket. Når ein stor del av arealgrunnlaget ditt er eigd av andre, er du ikkje lenger herre over eiga drift. For kva skal du gjere, når du er avhengig av avlinga frå ein teig der ein eigar langt unna trugar med oppseiing fordi du arbeidde på teigen den dagen det var opphaldsvêr, ein dag som tilfeldigvis fell saman med ein av dei fem dagane i året då eigaren sjølvvar på eigedomen?

Situasjonen bidrar også til at store summar kvart år blir pumpa ut av landbruket, til grunneigarar som einast har ei økonomisk interesse av jorda si, pluss at dei sjølvsagt tviheld på jaktrettane. Svært mange norske bønder er blitt leiglendingar under jordeigarar som ikkje har noko å tilføre næringa.

Situasjonen bidrar også til at store summar kvart år blir pumpa ut av landbruket, til grunneigarar som einast har ei økonomisk interesse av jorda si.

Den utstrekte bruken av leigejord har mange uheldige konsekvensar. Mangelen på langsiktigheit gjer det til ein risikosport å investere i dei leigde teigane. For svært mange ville det vore ein fordel å slå saman teigar. Behovet for drenering er ofte skrikande. Når du leiger jorda, men ikkje rår over skogen, opplever du at trea enten veks seg innover teigen, eller at dei et opp både sol og næring langs kanten. På eiga jord kan du bygge eller ta bort hus, gjerde og vegar. På leigd jord er slikt vanskeleg.

Dette fører til lite rasjonell drift. Med unødig usikre og tungvinte driftsforhold, blir det lett til at både så- og slåmaskina heller svingar utom blauthol og lar vere å ta siste draget ut mot dei alt for mange kantane. Det taper alle på i lengda.

Alt dette, kombinert med at teigblandinga i mange bygder er verre enn nokon gong når leigejorda er medrekna, viser at noko må gjerast. Dette ”noko” meiner vi må vere ein ny 100-årsrunde med eit landsomfattande jordskifte, for å sikre at jordbruksjorda er eigd av dei som faktisk driv jordbruk.

Vi må sikre at jordbruksjorda er eigd av dei som faktisk driv jordbruk.

Powered by Labrador CMS