Økonomisk seigpining tar liv

Fra Bedre gardsdrift 6/2015: «Sikkerheitsbelte og sunt mannvit er gratis og tilgjengelig for alle. Noko som ikkje er like lett, er å sikre at alle har tid og økonomi til å halde maskinparken i forsvarleg stand.»

Publisert

Du kan skrive inn kommentarer nederst

Bedre Gardsdrift har sidan 2008 følgt alle dødsulukker i landbruket som involverer traktor særleg tett. Det første vi legg merke til, er at svært mange av ulukkene skjer med eldre traktorar og maskiner. Svært få av dødsulukkene skjer med nesten nye traktorar og reiskapar. I desse få tilfella er det nesten alltid utforkøyringar der føraren ikkje brukar setebelte. I ulukkene med eldre utstyr er det mykje større variasjon i kva som går gale.

Denne trenden er også stadfesta av den europeiske landbruksmaskin-organisasjonen Cema: 56 prosent av alle ulukker langs veg, og 69 prosent av ulukkene med alvorleg utfall, skjer med maskiner eldre enn 12 år. Samstundes blir det poengtert at det er dei nyaste maskinene som køyrer lengst og har flest arbeidstimar.

Vår oversikt viser også at traktorulukkene i landbruket nesten utan unntak råkar små eller mellomstore einskildbønder. Landbruksentreprenørar og folk knytt til gardar med stor drift er nesten aldri involverte i dei alvorlegaste ulukkene.

Desse opplysningane gir oss viktig informasjon. Det kan sjå ut til at dei som driv traktorkøyring og maskinarbeid meir eller mindre dagleg er flinkare til å passe seg enn dei som køyrer sjeldnare. Det er også grunn til å tru at utstyret som er mykje brukt er i betre stand enn det som vert nytta få timar i året.

Men kvifor det er slik? Erfaring er eitt stikkord, haldningar eit anna. “Går det så går det” er ikkje godt nok om du veit at du har full onnejobb i fjorten dagar til. Då må du køyre med større tryggleiksmargin. Tid og økonomi er truleg svært viktig. Har du traktoren som arbeidsplass har du ikkje tid til maskinhavari. Har du anna arbeid utanom, blir det fort noko ugjort i gardsarbeidet. Alt det daglege må berre gjerast, mens vedlikehald har ein tendens til å bli nedprioritert. Er du avhengig av maskiner som kan presse 8000 rundballar i året, må alt vere i orden. Skal du presse 80 ballar, er det lettare å godta at pressa har feil og manglar, også når det gjeld sikkerheit.

Sikkerheitsbelte og sunt mannvit er gratis og tilgjengelig for alle. Noko som ikkje er like lett, er å sikre at alle har tid og økonomi til å halde maskinparken i forsvarleg stand. Det skal vere rom også for dei som ikkje driv gard på heiltid. Spørsmålet er berre korleis dette kan løysast utan at det går ut over liv og helse. Situasjonen no er at økonomisk seigpining av bondestanden tar liv. Det er alvorleg.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS