0614-gardsdrift

Lær av Ketil, Sylvi!

Fra Bedre gardsdrift 6/2014: «Då samferdsleministeren køyrde E6, opplevde han at vegen ofte var veldig annleis enn på kartet.»

Publisert

Du kan skrive inn kommentarer nederst

Samferdsleminister Ketil Solvik Olsen har køyrd E6 frå Svinesund til Kirkenes, for med sjølvsyn å sjå kva utfordringar det er langs ein av viktigaste vegane i landet. På turen har han køyrd på alt frå mangefelts motorveg til tungkøyrde, smale, svingete og humpete strekningar. Kanskje det viktigaste var møta med dei som brukar vegen. Samferdsleministeren meiner turen var så vellukka, at han også vil køyre E18 og E39.

Også landbruksministeren har reist mykje det siste året. Men til skilnad frå samferdsleministren, har Sylvi Listhaug i stor grad besøkt utvalde bønder, som vil nyte godt av regjeringa sine endringar i landbrukspolitikken. Ho har rett i at det trengst endringar i landbruket, men så langt har ho ikkje synt vilje eller evne til å sjå heilskapen. Vi har ordningar, reguleringar og regelverk som i dei fleste høve er blitt til av ein eller annan god grunn. Og alt dette heng saman. På same måte som at dårleg pløgsle kan gå ut over dyrehelsa fordi fôret vert ureina. Det er dette vi trur landbruksministeren kunne trenge å lære litt meir om.

Då samferdsleministeren køyrde E6, opplevde han at vegen ofte var veldig annleis enn på kartet. Der kartet viser E6 som ein jamtjukk strek, ofte utan dei heilt store kurvene, er den i røynda vekslande frå brei og slett og fin til det som kan kallast overbelasta krøttersti i sikk-sakk. På same vis seier statistikken at det meste av jorda stadig er i drift, trass i at talet bruk går ned. Stadig større område er heilt utan beitedyr. Teigar som sikkert enno får tilskot, og som dermed står i statistikken, har tette grøfter, vert ikkje lengre gjødsla eller behandla for ugras. Og slåmaskina eller skjærebordet blir sleppt nedpå berre der det er fort gjort. Samstundes er det manko på fôr på mange av dei større bruka, men nyttbar jord blir ikkje slått fordi den er for tungvindt eller fordi eigarane, som gjerne er geografisk eller mentalt langt unna landbruket, tviheld på jorda si.

Viss landbruksministeren vil sjekke det ideologiske kartet sitt mot terrenget, tilrår vi at også ho køyrer Norge rundt utan besøksfilter, men bytter ut hovudvegane med bygdevegar. Ein 15 år gamal gjennomsnittstraktor med toppfart 40 km/h ville vore eit ideelt køyretøy. Då får ho både tid til å sjå seg rundt og samstundes oppleve nokre av utfordringane med eit landbruk som fører med seg stadig meir traktor på veg. Ho kan bu seg på å møte aktive og dyktige unge menneske med stor satsing og god framtidstru, men også mange som er inne i avslutningsfasen, som berre skal tyne ut det siste av fjøs og maskiner før drifta vert avslutta for godt. Og nokre plassar er det ingen heime. Det gjeld særleg i ytre strøk og nordover i landet.

Om Sylvi gjer som partikollega Ketil, er vi overbevist om at der er mykje å lære, vel å merke om der finst vilje til å ta inn kunnskapen og innspela som ho får undervegs.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS