0314-gardsdrift

Heiltidsbonde eller aktiv bonde?

Fra Bedre gardsdrift 3/2014: «Er ein kornbonde med 2-3000 mål i full drift rangert lågare om vedkomande arbeider utanom garden i vintersesongen?»

Publisert

Du kan skrive inn kommentarer nederst

Stadig oftare høyrer vi at det skal satsast på heiltidsbonden. Heiltidsbonden blir prioritert i debattar og løfta fram av både politikarar og faglag. Heiltidsbonden er nærast noko heilagt, eit edelt mål. Til skilnad frå deltidsbonden, som jo dei fleste bøndene i landet er?

Kven er eigentleg denne heiltidsbonden? Den mest vanlege forståinga er ein bonde, mann eller dame, som ikkje har anna arbeid enn garden. Det finst mange svært flinke heiltidsbønder, men du treng ikkje leite lenge for også å finne det motsette. Den aller enklaste måten å få utkome frå garden på, er å unngå viktige og tunge investeringar. Då kan du sikre deg grei inntekt ut di tid, også som heiltidsbonde. Sånne bønder finst over heile landet, innimellom alle dei flinke og dyktige. Og etter definisjonen er dei like “heiltids” som andre.

Kva då med deltidsbøndene? Er ein kornbonde med 2-3000 mål i full drift rangert lågare om vedkomande arbeider utanom garden i vintersesongen? Om mannen og kona har 50 prosent stilling kvar, og elles arbeider på garden, er det då eit deltidsbruk? Er du heiltidsbonde om du nyttar maskinene frå garden til arbeid utanom eige bruk, eller deltidsbonde om du nyttar landbrukskunnskapen din til arbeid for andre? Og korleis skal det gå med alle heiltidsbøndene, om dei ikkje hadde kunna spele på lag med deltidsbøndene? Det er fullt mogeleg å vere dyktig husdyrbonde morgon og kveld, og gå på kontoret på dagtid mens heiltidsnaboen tar slåtten og køyrer gjødsel for deg. Denne dynamikken er verdifull for begge partar.

Dette viser at omgrepet “heiltidsbonde” er lite brukbart, og udugande som styringsverktøy. La oss heller satse på aktive bønder. Også om dei hentar litt av inntekta si utanom kjerneproduksjonen. Aktive bønder er slike som satsar, som følgjer med i tida, som vil noko med landbruket. Om garden er stor nok, brukar dei som regel all tida si på drifta, og vel så det. Men dei kan også vere i stand til å ri fleire hestar: Utnytte maskinparken på slikt vis at andre betaler for den. Sjå verdiane i garden, og utnytte dei gjennom turisme, inn på tunet, gardsmatproduksjon eller heilt andre ting. Eller utnytte eigne evner til både å drive gard og tene pengar utanom – men stadig på slikt vis at potensialet til garden blir utnytta og utvikla. Der ligg skilnaden: Den aktive bonden fører seg sjølv, garden og samfunnet vidare. Einaste kravet for å vere heiltidsbonde er å berre vere der.

Vi seier ja til aktive bønder – på heiltid og deltid!

Powered by Labrador CMS