pil colourbox548470b.

Gode utsikter

Flaum. Tørke. Skogbrann. Skadedyr. Dyresjukdomar. Attgroing. Bioenergi. Kinesarar med mjølkebart. Dette er stikkord for landbruket i ymse delar av verda. Bra for deg?

Publisert

Om politikarar, kommentatorar og andre som vil eller bør meine noko om det norske landbruket følgjer litt med, bør dei no sjå verdien å vere sjølvforsynte med dei viktigaste matvarene. Det er vi i stand til, for landet vårt er i sum temmeleg robust. Trass i at delar av landet no har eit dårleg år, har andre distrikt kome godt frå det.

No er status at Noreg må importere stadig fleire varegrupper, etter at ikkje berre enkeltbruk, men også heile bygder, legg ned drifta. Samstundes vert konkurransen om maten på verdsmarknaden tøffare.

Det skjer mellom anna fordi den kinesiske statsministeren seier at det er bra å drikke mjølk, til landsmenn som ikkje har tradisjon for slik drykk. Verdas mest folkerike land vert ein gigantisk importør av mjølk og fôr.

Så er det matprisen. No kjem bioenergien inn som ein skikkeleg prisløftar. Forbrukarane har, forunderleg nok, ein annan vilje til å betale for drivstoff til bilen og straum til hytta enn for maten dei sjølve treng for å overleve. Difor kan vi rekne med at store jordbruksareal går frå å produsere mat til å produsere energivekstar. Det reduserer tilgangen på mat enda meir.

Redninga, meiner mange, er friare handel med landbruksprodukt. I teorien er frihandel bra, jamfør mange importerte varer vi nyttar i kvardagen. Eit paradoks er at frihandel med landbruksvarer fører til høgare prisar på mange produkt, sjølv utan konkurranse frå bioenergi. Det er djupt alvorleg for alle fattige i verda, noko sjølv verdas handelsorganisasjon, WTO, erkjenner og arbeider med å finne løysingar på. Norske bønder derimot, går kan hende betre tider i møte.

Stadig fleire med makt og mynde har no oppdaga at landet gror att. Det er på tide. Vi kjenner berre ein kur som fungerer, og det er eit levande landbruk med beitande dyr og sunn økonomi. Motorsag og beitepussar er fine hjelpemiddel, men maskinene klarer ikkje jobben åleine.

Slik sett er det mange piler som no peikar rette vegen. Om du ikkje får evig frelse av oppoverpilene, meiner vi å skimte gløtt av lys.

Powered by Labrador CMS