maursyre etsefare

Endeleg slutt på maursyra

Gjennom mange år har leverandørane, rettleiingstenesta og Bedre Gardsdrift prøvd å få bøndene til å slutte å bruke 85 % maursyre som ensileringsmiddel. No er enden nær.

Publisert

Det er grunn til å rope hurra for FKA og FKRA, som saman har bestemt seg for å slutte å selje maursyre på 25-liters kanner.For oss er det eit mysterium at salet ikkje har tatt slutt av seg sjølv. Alternativa GrasAAT Lacto og Ensil 1 inneheld nesten like mange prosent maursyre som det reine produktet, dei gir like godt surfôr, men er svært mykje mindre farlege å arbeide med.Leverandørane har i mange år ønska maursyra bort, og markert det mellom anna med å prise dei alternative produkta likt eller lågare. Vi har høyrd mange karakteristikkar av maursyra som ikkje akkurat eignar seg på trykk, frå produsentar, transportørar og forhandlarnett. Ikkje med sin beste vilje forstår dei at bonden vil utsette seg for noko så farleg, når alternativa er like gode og like lett tilgjengeleg.Diverre må det så sterke verkemiddel til som å kutte leveransane, men tiltaket fortener applaus. Ein sjeldan gong er det bra at nokon tar ansvar og bestemmer for oss, sjølv om enkelte heilt sikkert blir sure.I så fall er vel grunnen at dei har pusta inn for mykje syrleg maursyredamp gjennom livet.

Powered by Labrador CMS