altinn

Elektronisk prøvekanin

Alarmklokker bør ringe når bøndene går tilbake til gammaldagse metodar.

Publisert

Denne runden leverte omlag 21 prosent av norske bønder søknaden om produksjonstilskot elektronisk. Det er ein dramatisk tilbakegang frå førre gong, då 32 prosent leverte elektronisk. Fråfallet er på 5500 søkjarar, frå 16 000 til 10 500.Det burde få nokre varselklokker til å ringe. SLF vel i staden for å skulde på at søknaden denne gongen skulle gå gjennom Altinn. Der skal systemet vere betre. Av ein eller annan grunn er dette betre systemet slik at SLF hevdar at dei forventa eit fråfall, trass kampanjar både gjennom rettleiingshefte og på SMS.Fråfallet er større enn at ein av tre går tilbake til papirlevering. Det er grunn til å tru at nye bønder har prøvd seg på elektronisk levering, så det reelle er nok at ein plass mellom kvar andre og kvar tredje av dei som tidlegare har levert elektronisk, no leverte på papir.Altinn er heller ikkje heilt nytt. Mange har erfaringar med å levere rekneskapen gjennom nettportalen som omtaler seg med "Enklere rapportering til det offentlige".Utan at vi har statistisk sikre data å vise til, vil vi tru at norske bønder enten elskar Altinn, eller så hatar dei det, og då gjerne djupt og intenst.Vi vil slett ikkje vere bakstreverste og imot alt nytt. Vil meiner berre at SLF og andre som skal ha registreringar frå oss må halde fram arbeidet med å gjere elektroniske tenester enda meir rasjonelle, brukarvenlege og effektive. Vi må ha ein god grunn, betre enn at vi kan vinne ein eller annan premie, om vi skal ta meirarbeidet det no er med elektronisk rapportering.Det er ikkje rett at bonden i år etter år skal vere prøvekanin også når det gjeld elektronisk levering av dokument. Papirskjemaet tar for dei fleste ganske få minutt å fylle ut. På den tida rekk du knapt å starte datamaskina og logge deg på nettet.Det vert kravd at dagens bønder skal vere rasjonelle og effektive. Kan hende er det akkurat det vi no ser: Fire av fem bønder meiner at papirskjemaet er raskaste, tryggaste og enklaste metoden for å søke produksjonstilskot. Skal det gjerast elektronisk, må SLF kome opp med noko som er betre.

Powered by Labrador CMS