yara3

Dobbel gjødselpris?

På tysdag vil kanskje prisen på kunstgjødsel gå opp 40 prosent. I løpet av nokre månader er det snakk om ein auke på så mykje som kanskje 90 prosent, altså nærast ei dobling frå i dag.

Publisert

Dette kjem i tillegg til ein solid auke i dieselkostnaden, prisauke på alt der olje og stål er involvert, og ein generell auke i prisane på jordbruksprodukt verda over, noko som mellom anna kan gi dyrare kraftfôr.Det blir snakka om at den store prisauken på kunstgjødsel kan føre til ein ny runde i jordbruksforhandlingane, i og med at den såkalla inntektsauken årets oppgjer skulle gi, forsvinn i auka kostnader. Der er ein klausul i forhandlingsprotokollen om det. Likevel, nokre kroner til eller frå i jordbruksoppgjeret er neppe nok.Som vanleg må vi sjølve omstille oss. Eit umiddelbart tiltak er sjølvsagt å prøve å bestille neste års gjødsel alt i dag, men enkelte som har prøvd det er blitt avvist. I alle tilfelle er det berre kortsiktig gevinst å hente her. Vi må satse på større endringar med eit lengre perspektiv.Vi tør spå at Moi snart kan oppleve suksessen med DGI som dei har drøymd om i meir enn 10 år. Redusert forbruk av kunstgjødsel er nemleg ein måte å spare pengar på, men plantane må jo få næringa dei treng. Betre utnytting av husdyrgjødsla er difor eit svært sentralt stikkord i tida som kjem. Nedfellarutstyr og utstyr for stripespreiing kan redusere næringstapet under spreiing. I visse fall med nokre få prosent, under andre forhold med inntil 80 prosent, viser forsøk. I tillegg kjem gevinsten med jamnare spreiing og reduserte luktplager.Eit anna tiltak er å utnytte nitrogenet i lufta betre. Midt mellom deg og skjermen du les dette på er det 78 prosent gratis nitrogen, akkurat som i lufta som trekkjer ned i porene i jorda. Har du kløver i enga eller belgvekstar i vekstskiftet, kan du hente ut litt av dette nitrogenet. Dette er kjent lærdom, men kan hende er tida inne for å bruke kunnskapen meir aktivt.Meir omtanke for jordpakkinga er eit anna stikkord. Planterøtene må få utvikle seg nedover i djupare jordlag utan å gi opp på grunn av for hardt pakka jord. Økonomien i drenering vert automatisk også betre når gjødselprisane stig. Det same med kalking.Det handlar kort og godt om å legge forholda best mogeleg til rette for plantane, og utnytte næringa vi har tilgang til best mogeleg. Ikkje berre kjøpe gjødsel når prisen er gunstig, ha ein balansert gjødselplan eller stille inn kunstgjødselspreiaren rett. Sjølv om alt det er viktig.Vi må også bruke utnytte kjent kunnskap og teknologi, og tilpasse den til dagens situasjon og drift.

Powered by Labrador CMS