altinn

Boikott Altinn

"Enklere rapportering til det offentlige" skriv Altinn om seg sjølv på sine nettsider. Det er godt å få det fortalt, for denne konklusjonen er tvert imot det mange opplever som Skatteetatens variant av Gamle-Eiriks virkeplass. 

Publisert

LEIARARTIKKEL FRÅ BG NR 6 2005

For eit halvår sidan, i BG nr. 9 2004, brukte vi denne plassen til å skrive om kaoset som prega førre års elektroniske innlevering, kombinert med visse programvareleverandørars problem med å få ut brukbare rekneskapsprogram i tide. Sistnemnde har i stor grad ordna seg, men Altinn er framleis ikkje klart for å ta imot sjølvmeldingar og næringsoppgåver utan trøbbel. Systemet forventar eit presisjonsnivå på linje med regime såpass langt aust at vi ikkje likar å samanlikne oss med dei. Her blir det ikkje godtatt punktum der det skulle vore komma. Har du gjort ein feil, må du finne feilen sjølv. Kanskje får du vite kor noko er gale, men slett ikkje kva som er gale, og langt mindre kva du skal gjere for å rette dette. For å vere på den sikre sida, blir du nekta å levere om Altinn tykkjer det kan vere ei passande straff. Vidare står d i stor fare for å levere noko som berre blir borte i cyberspace. Til dømes om du leverer rekneskapen for samdrifta "Storbonden & naboen". Den rekneskapen blir berre borte, takka vere det vesle teiknet "&". Det same om du har inntekter utanom garden og arbeidsgivaren har for langt namn. Om du får ei feilmelding for det? Nei da, her kjem inkje varsel om at rekneskapen blir gulpa ut att og spylt ned i dass av systemet. Har du budd i ein annan kommune delar av året, eller om du har eigedom ein annan stad, er ikkje dine vurderingar av kva kommune dette gjeld, særleg velkomne. Trass korrekt utfylte dokument frå deg, kan du oppdage at ymse eigedomar eller buplassar har adresse Agdenes, altså i den kommunen i landet som er først i alfabetet. Alternativet er at Altinn byter om på kommunen ein av eigedomane ligg i, og kommunen du skal skatte til. Utan at vi forstår kvifor, meiner Altinn at fordelinga mellom ektefellar skal vere ei anna enn den som blir lagt inn. Til dømes om fordelinga er meint å vere 60/40, klarer systemet å gjere det om til at kona skal ha 38,48 prosent, og mannen får resten. Ein filleting i kroner, men slett ikkje tillitsvekkjande at reine og tydelege tal blir omgjort til noko litt annleis, inne i Altinns frykta indre. For deg betyr dette at du først på levere på nettet ein rekneskap og ei sjølvmelding som er så korrekt som mogeleg. Deretter må du sjekke alt saman og rette litt her og der, noko som fort tar fleire timar. Du har altså særs god timebetaling om du heller sleikjer frimerke og går til postkassen. Om rekneskapskontoret leverer for deg, må dei bruke meir tid på kontroll, og den tida betaler du for. Leverandørane av programvare må legge inn sperrer og hindringar mot det Altinn meiner er feil utfylling, trass i at normale hjernar med blodomløp forstår kva som er meint. Det er trass alt ikkje avgjerande viktig for rekneskapen om det står 31/12 eller 31.12. Samfunnsøkonomisk er levering med Altinn eit solid steg bakover. Det høyrer med til historia at Altinn nærast knakk saman då fristen for å levere elektronisk næringsoppgåve og sjølvmelding var nær. Inga bombe, når vi veit at det same skjedde då lønsmottakarar skulle levere si mykje enklare sjølvmelding nokre veker før. Vårt råd er tindrande klart, både til bønder og rekneskapskontor: Ikkje ver frivilleg forsøkskanin for Staten. Lever sjølvmelding og næringsoppgåver på gamlemåten, med underskrivne papir i ein konvolutt. Dessutan har vi ei instendig bøn til bondeorganisasjonane, om at dei sikrar at landbruket også i framtida får lov å levere på den trygge måten.

Powered by Labrador CMS