Dyrsku'n 2021 er avlyst
Medan Agroteknikk og Park- og anleggsmessa nyleg har meldt om at utstillingane i november blir gjennomførte, kjem Dyrsky'n med motsatt melding.
Dette er andre år på rad at Dyrsku'n må avlysast. Avgjerda er tatt i samråd med kommuneleiinga, og årsaka er sjølsagt smittefaren rundt covid-19.
- På noverande tidspunkt er det diverre ei altfor stor uvisse til gjennomføring for alle dei tusenvis som bidreg til Noregs største folkefest. For oss er det avgjerande med eit arrangement i kjent drakt, noko som er umogleg i gjeldande situasjon, seier Geir Helge Espedalen, dagleg leiar i Dyrsku’n på nettsida til Dysku'n.