1511reg-graf
1511reg-graf

Normalt svakt

Registreringsstatistikken for november er slik vi er blitt vant til gjennom året: Ganske svak. Dei fire store held heilt stø kurs, men Fendt gjer eit solid byks og Claas bråbremsar. 

Publisert

Kvar fjerde nyregistrerte Fendt til no i år fekk skilt i november. 45 traktorar gjer den grøn-raude til nest mest registrerte merke denne månaden, bakom John Deere. Samla marknadsandel til no i år er dermed oppe på 7,4 prosent, like stor som Claas og CaseIH til saman. Forklaringa på fleirtalet av desse 45 er ganske enkel: No har typegodkjenninga av nye 300-serien gått gjennom. Dermed har traktorar som er bestilte frå januar til no fått skilt på seg.

Svak november

November samla sett gjer ingenting for å løfte eit frå før svakt traktorår. Tvert imot får vi nest svakaste november siste ti åra. No er ofte november ein liten haustdepresjon før desemberen kjem med fryd og glede og høge traktorregistreringar, noko vi kan vente oss også i år. Uansett vil det undre oss om konklusjonen ved oppsummeringa av 2015 blir noko anna enn at det vart eit svakt traktorår. Siste 12 månader er nemleg også det nest svakaste resultatet siste 10 åra. Berre 2009 var dårlegare. I reine tal snakkar vi om 3020 traktorar, dryge 560 traktorar og 17 prosent bakom gjennomsnittet for perioden 2006 til 2014.

Dei store går stødig

Mellom dei fire i teten er det ingen spesielle utslag. John Deere er ørlite bak nivået til no i år, men mykje betre enn på same tid i fjor. MF er også litt svakare enn normalen for 2015, og tydeleg svakare enn det unormalt gode 2014. Valtra er stødig. New Holland har i år lagt lista lågt, og held seg der, ganske mykje under der dei har brukt å vere. Men til 2015 å vere er november på det jamne.

Bråbrems for Claas

No skal vi ikkje seie at Lantmännen-sjokket har alt å seie for Claas, men to traktorar i november er oppsiktsvekkande. Resultatet til no i år er likevel identisk med fjoråret.

CaseIH og Deutz-Fahr på taparlaget

CaseIH er til skilnad frå Claas meir enn halvert frå 2014, og evnar heller ikkje å løfte seg i november. Også Deutz-Fahr har gått mykje ned, men held november på identisk marknadsandel som resten av året.

Roleg i botnen av lista

Verken McCormick, Zetor eller Kubota gjer sprell som er såpass at vi treng nemne dei særskilt, og alle tre er nær fjorårssituasjonen. Det same gjeld alle småmerka.