Produksjonen av Vreten sine frontlastarseriar F og FL er no i hendene på Ålø.

Vretens frontlastarsortiment til Ålø

Alle Vreten sine produkt knytt til frontlastar og –reiskap er selde til Ålø. Vreten vil konsentrere seg om reiskapen bak traktoren.

Publisert

Det er David som sel til Goliat, når Vreten no avhendar frontlastarproduksjonen sin, og tilhøyrande reiskapsportefølje, til Ålø. Åløkonsernet står for ein tredel av frontlastarproduksjonen i verda, med varemerka Trima og Quicke, og er med det verdas største lastarprodusent. Vreten er meir å rekne som ein lokal aktør i Sverige og nærområda.

– Vi i Vreten vil prioritere tømmervogner, kraner, utstyr for vegvedlikehald og entreprenørutstyr, seier sals- og marknadssjef Christian Ystrøm i Vreten.

Ålø vil nok først og fremst satse vidare på frontlastarreiskapen frå Vreten, slik det også vart gjort då Ålø for ein del år sidan overtok danske Veto. Vreten har reiskap både for traktor og hjullastar. Det er særleg utstyr for handtering av stein som utmerkar seg.

Ålø produserer frontlastarane sine i Sverige og USA. Brakettane vert produserte i Frankrike, mens reiskapsproduksjonen er lagt til Kina. Om produksjonen av reiskapane som no er kjøpte frå Vreten også vert flytta til Kina, vert det ikkje sagt noko om.

Vreten-produkta blir importerte til Noreg gjennom Vreten Norge, som også har agenturet på ymse andre merkevarer.

Powered by Labrador CMS