Eik-sjef Trond Kjempekjenn er blitt einig med Tom Salte i Maskinsenteret om å samarbeide.

Gule, Maskinsenteret og Trama til Eik

Frå 1. oktober går dagens Lantmännen-forhandlarar i Øystese, Sogndal, Førde og Harstad over til Eik, for å selje Valtra.

Publisert

Dette vil styrke Eikmaskin sin distribusjon av Valtra, og bidra til å utvikle Valtra på ein god måte på den norske marknaden, seier Eik-sjef Trond Kjempekjenn.

Dei tre forhandlarane held dermed på sitt viktigaste traktormerke, men må byte ut reiskapssortimentet.

Gule's Mek. og Landbruksverkstad held til i Øystese i Hordaland, med servicepartnarar på Voss og på Austrheim i Nordhordaland. Selskapet har vore Lantmännen-forhandlar sidan 2010. Næraste Eiksenter ligg på Voss og utanfor Bergen.

Maskinsenteret har to avdelingar: Ei i Sogndal og ei i Førde. Forutan sal av Lantmännen sine produkt, har Maskinsenteret importert Gafner fastgjødselvogner og vore forhandlar på Knarrhult sine produkt for sau. Eiksenteret har frå før avdelingar både i Sogndal og Førde.

Trama har i over 30 år levert varer og tenester til landbruket og tilgrensande sektorar i Hålogalandstraktene, dei seinare åra frå nyutbygde lokale. Forutan landbruk er dei seinare åra park, hage og fritid blitt eit viktig segment, med Honda, Stihl og Polaris. Næraste Eiksenter ligg på Sortland.

Claas- og Valtraimportør Lantmännen Maskin har bestemt seg for å trekke seg ut av Noreg. Det betyr at forhandlarkabalen for desse merka på leggast på nytt. Endringane trer i kraft i løpet av hausten 2016. 

Powered by Labrador CMS