Juni 2016 har til felles med mai at registreringstala er litt slappe. Samla sett er situasjonen på det jamne, som vi har vent oss til dei to føregåande åra.
Juni 2016 har til felles med mai at registreringstala er litt slappe. Samla sett er situasjonen på det jamne, som vi har vent oss til dei to føregåande åra.

Første halvår midt mellom 2014 og 2015

​Seks månader inn i 2016 er resultatet midt mellom status for dei to føregåande åra. Men juni vart dårleg.

Publisert

Ingen blir overraska over at John Deere ligg først i feltet ved halvgått løp. Forspranget til MF på andreplass er solide 109 traktorar, men hjorten kan ikkje kvile av den grunn. Massey Ferguson er nemleg størst i juni som enkeltmånad, om enn ikkje meir enn sju traktorar framom JD.

Med det er Massey Ferguson så godt som identisk med resultatet etter seks månader i fjor, mens John Deere ligg 44 traktorar bak målinga som vart gjort på same tid.

Valtra manglar 18 traktorar på å ha same resultatet no som etter eit halvt år i fjor. Posisjonen som nummer tre på tabellen er derimot uendra.

Stadig sterkt frå Fendt

For Fendt stiller det seg annleis. Pluss 85 traktorar frå 2015 til 2016 er formidabelt, ikkje minst når vi ser på utgangspunktet. På same tid i fjor viste teljeverket 96 nyregistrerte Fendtar. No stoggar teljaren på 181 traktorar. Vi snakkar nær ei dobling, og det er på sin plass å minne om at Fendt er av merka som verken tilbyr billegmodellar eller småtraktorar. Men pass på, 16 traktorar bak Fendt følgjer ein svolten konkurrent.

Stabilt for A-K

Både New Holland og CaseIH gjer det betre no enn til same tid i fjor. I årets konkurranse held likevel ikkje det til meir enn femte- og sjetteplass. Om dei to merka hadde vore eitt, ville det samla resultatet kvalifisert til ein tredjeplass. Den nye A-K-sjefen har litt av kvart å ta tak i, om målet er å vere mellom dei største traktorleverandørane i landet.

Claas på klassisk Lena-nivå

Claas merkar nok uroa i påvente av ny distribusjon. Avklaringane som er komne i det siste vil truleg telje positivt, men på registreringsstatistikken tar det tid før sånt gir utslag. Totalt 54 traktorar på eit halvår er veldig nær kva McCormick hadde i gjennomsnitt for eit halvt år i dei ti første åra sine hos Lena og Aase. No er McCormick nede på 28 traktorar etter seks månader. Slik sett er det grunn til å tru at både Claas og Lena har ambisjonar om betre tider i ny ekteseng.

Svakt av Kubota

Kubota treng heilt klart ei satsing på forhandlarnettet. Stusselege 18 traktorar på eit halvt år er like mange som til dømes Fendt tradisjonelt sett har registrert på ein månad. For eit merke med ambisjonar er ikkje dagens nivå noko å skryte av.

Svak juni, "normalt" første halvår

251 traktorar i juni er det nest dårlegaste talet siste ti åra. 1564 traktorar første halvår er midt mellom resultatet i 2014 og 2015, og slik sett normalt sett i eit kortsiktig historieperspektiv. Gjennomsnittet siste ti åra ligg omlag 200 traktorar høgare. Det ser vi att i resultatet for dei siste 12 månadane: 3105 traktorar pr. no ligg 400 traktorar under gjennomsnittet siste 10 åra. Dei siste 12 månadane er 22 traktorar betre enn dei førre 12 månadane, så vi kan notere eit lite pluss der.