Fendt på fjerde

John Deere står stødig på førsteplass, mens Agco gjer storeslem på dei tre neste plassane.

Publisert
Bildetekst

John Deere er langt frå truga på toppen av pallen, om vi ser på merke for merke. Men etter ein sjeldan god Fendt-månad er Eik forbi dei to felleskjøpa som landets største traktorimportør. Og det før Valtra er på plass i stallen. Dessutan: Agco er klart største produsent, når rekneskapen etter fire månader er gjort opp.

John Deere heilt grei

April vart ein helt grei månad for John Deere, verken meir eller mindre. Tal traktorar er heilt på det jamne for marknadsleiaren, mens marknadsandelen er noko lågare enn vanleg, takka vere ein sterk totalmarknad. Til no i år er hjorten opp 20 traktorar frå i fjor.

Stødig MF og Valtra

Eikmaskin sitt primærmerke ligg litt bak fjoråret, men ikkje dramatisk. Det same kan seiast om Lantmännens førstetraktor Valtra, som snart går til Eik.

Fendt i full fart

Gjennom fleire månader har vi sett Fendt klatre. Det er peika på at "no kjem 300-serien" og liknande forklaringar, med at Fendt skal ligge på fjerdeplass fire månader inn i 2016, framom New Holland, var det vel ingen som såg for seg. 2015 var Fendt sitt beste år nokon gong. Etter fire månader av 2016 er tyskaren halvvegs til 2015-resultatet.

Framgang for A-K

Trass i at Fendt har passert både CaseIH og New Holland, har A-K ein framgang på totalt 38 traktorar frå same tid i fjor. Status så langt er altså ikkje like ille som i 2015, det går framover, men resultatet er enno ikkje tilbake på gamle høgder.

Sterk april

Årets april er sjeldan bra, og betre enn gjennomsnitt-aprilen siste ti åra. Men eit moment som må med i analysen av månad mot månad, er at vi her i landet tar fri omlag ein halv månad på våren for å feire påske. I år var påska i mars, som vart ein svak traktormånad. I fjor var påska i april, som også var ganske slapp på registreringsstatistikken. Av april-månader utan påske er årets april den svakaste.

Likevel, ser vi dei fire første månadane samla, er året så langt av dei betre. Og det kan trengast, for den løpande statistikken over traktorregisteringar siste 12 månader ligg stadig 13 prosent (468 traktorar) bak gjennomsnittet for siste 10 åra.

Powered by Labrador CMS