Deutz-Fahr er det viktigaste varemerket frå SDF.

Same Deutz-Fahr blir SDF

Denne saka er verken stor eller dramatisk, men sånn for ordens skuld: Same Deutz-Fahr Group byter namn til SDF.

Publisert

SDF er av dei store internasjonale produsentane av landbruksmaskiner. Eit nivå under dei tre største (Agco, John Deere og CNH), men like fullt ein aktørane som er å rekne med internasjonalt.

Vidarefører logoen

SDF-namnet blir brukt der gruppa framstår samla. Overgangen blir ikkje veldig dramatisk, for mange har brukt denne forkortinga for Same Deutz-Fahr Group heilt sidan det namnet oppsto. Logoen for gruppa, som du også ser på reservedeler og denslags, kjenner vi att frå fleire tiår tilbake, einast veldig forsiktig modernisert no.

Å bruke tre bokstavar til namn på dette selskapet er heller ikkje nytt. Fram til Deutz-Fahr kom inn i 1995, var namnet SLH-group, ut frå merkenamna Same, Lamborghini og Hürlimann.

Fakta om SDF

Same har røter tilbake til 1927, då under namnet Cassani. Same-namnet kom i 1942. I 1973 vart Lamborghinis traktorproduksjon kjøpt opp, og i 1979 følgde sveitsiske Hürlimann. Største oppkjøpet kom i 1995, med Deutz-Fahr.

Selskapet har over 4300 tilsette og omsette i 2014 for kring 1,2 milliardar Euro. Forutan Same og Deutz-Fahr har selskapet varemerka Lamborghini (traktorar og småmaskiner), Hürlimann (traktorar) og Grégoire (maskiner for drue- og olivenproduksjon). Hovudkontoret ligg i Treviglio i Italia. Dei største traktorane blir produserte i Launingen i Tyskland, mens skurtreskarane vert bygde i Zupanja i Kroatia. Selskapet har også fabrikkar i Frankrike, Tyrkia, India og Kina.

Powered by Labrador CMS